Ludovic Orban

rumensk politikar

Ludovic Orban (fødd 25. mai 1963) er ein rumensk ingeniør og politikar for Partidul Național Liberal. Han blei vald til statsminister av Romania 4. november 2019 av det rumenske parlamentet. 5. februar 2020 tapte han eit mistillitsvotum i parlamentet og måtte gå av som regjeringssjef.[1]

Ludovic Orban

Fødd25. mai 1963 (60 år)
Brașov
Statsborgar avRomania
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedUniversitatea Transilvania din Brașov
Școala Națională de Studii Politice și Administrative
Alle verv
  • partileiar (Partidul Național Liberal, 2017–2021)
  • minister for transport og infrastruktur (2007–2008)
  • medlem av Romanias deputertkammer (2008–2012)
  • medlem av Romanias deputertkammer (2012–2016)
  • Romanias statsminister (2019–2020)
  • medlem av Romanias deputertkammer (2020–)
  • president i Romanias deputertkammer (2020–2021)
  • styreleiar (Force of the Right, 2021–) Sjå dette på Wikidata

Liv og karriere endre

Faren til Orban var ungarsk og mora hans rumensk. Han er gift og har ein son, og talar flytande fransk og engelsk. Broren hans, Leonard Orban, var europakommissær i Barroso-kommisjonen. Orban er ikkje i slekt med den ungarske statsministeren Viktor Orbán.[2][3]

Valet i 2019 var eit resultat av eit mistillitsvotum mot Viorica Dăncilă. Orban blei vald med 240 røyster og regjeringa til Viorica Dăncilă blei dimed avsett. Fleire av parlamentsmedlemmane avstod frå å røyste slik at regjeringa til Orban i realiteten blei ei mindretalsregjering. Han blei den 16. statsministeren i Romania sidan 1989, og den tolvte dei siste fem åra før oppnemninga si.[2][4]

Det rumenske parlamentet behandla 5. februar 2020 eit forslag til valreform og Orban sette stillinga si inn på avrøystinga. Han tapte avrøystinga då 261 av 465 røysta mot forslaget hans. Det var venta eit nyval sommaren 2020.[1]

I november 2021 blei Orban ekskludert frå PNL.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Welle (www.dw.com), Deutsche. «Regierung in Rumänien gestürzt | DW | 05.02.2020». DW.COM (på tysk). Henta 6. februar 2020. 
  2. 2,0 2,1 Salzburg24. «Rumänien stimmt für neue Regierung unter Ludovic Orban». www.salzburg24.at (på tysk). Henta 20. november 2019. 
  3. «-CURRICULUM VITAE - Leonard ORBAN». web.archive.org. 5. mai 2007. Arkivert frå originalen 5. mai 2007. Henta 20. november 2019. 
  4. Verseck, Keno (16. oktober 2019). «Rumänische Übergangsregierung: Stabil instabil». Spiegel Online. Henta 20. november 2019. 
  5. «Biroul Executiv al PNL a votat excluderea lui Ludovic Orban din partid. „Sunt liber să construiesc o nouă forță politică”». www.digi24.ro (på rumensk). Henta 29. november 2021.