Ludvig Irgens-Jensen
norsk komponist
(Omdirigert frå Ludvig Irgens Jensen)
Paul Ludvig Irgens-Jensen (13. april 1894–11. april 1969) var ein norsk komponist.
Ludvig Irgens-Jensen | |||
| |||
Fødd | 13. april 1894 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 11. april 1969 (74 år) | ||
Dødsstad | Enna | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist |
Ludvig Irgens-Jensen var fødd i Oslo. Opphavleg studerte han filologi og tok pianoundervisning ved sidan av, komposisjon hadde han aldri studert. Likevel debuterte han i 1920 som komponist. Under andre verdskrigen komponerte han forskjellige songar og korverk som vart hemmeleg offentleggjort fordi tekstane hadde patriotisk innhald.
Irgens-Jensen døydde på den italienske øya Sicilia.
Verk (utval)
endre- Tema con variazioni (1925)
- Passacaglia for orkester (1927)
- Heimferd, oratorium til tekst av Olav Gullvåg (1930)
- Der Gott und die Bajadere til tekst av Goethe (1932)
- Driftekaren, musikk til eit drama av Hans E. Kinck
- Partita sinfonica, orkestersuite etter Driftekaren (1939)
- Symfoni i d-moll (1943)
- Japanischer Frühling, dikt frå japansk lyrikk (1957)