Ludvik J. Kjellevold

Ludvik Benjamin Johnsson Kjellevold (8. februar 18899. november 1971) var ein norsk gardbrukar, handelsmann og lokalpolitikar frå Dalsøyra i Gulen kommune.

Ludvik J. Kjellevold
Fødd 8. februar 1889
Død

9. november 1971 (82 år)

Kjellevold reiste til Sambandsstatane i 1909 for å søkja betre forteneste, men vendte heim att i 1914 og dreiv landhandel i Lavik fram til 1920. Deretter var han både gardbrukar, handelsmann, postopnar og dampskipsekspeditør på Dalsøyra. Han sat som ordførar i Gulen samanhengjande frå 1947 til 1963. Søren Randal var både forgjengaren og etterfylgjaren til Kjellevold som ordførar.

Kjellevold hadde styreverv i Vestlandske Salgslag og Bergensmeieriet og mottok heidersteiknet til Norsk Kommuneforbund samt Kongens fortenestmedalje i 1964.

KjelderEndra