Luftfilter er ein komponent som fjernar støvpartikklar, pollen, bakteriar, osb. frå luft. som til dømes på innsuget til forbrenningsmotorar, kompressorar, støvsugarar, klimaanlegg, i bygningar og køyretøy, osb. Luftfilter nyttar mange ulike metodar for å reinska lufta, alt etter bruksområde og krav.

Døme på pairluftfilter for bilmotorar.

Luftfilter for forbrenningsmotorar endre

Oljebadfilter endre

 
Oljebadfilter på ein GAZ-69.

Eldre luftfilter for forbrenningsmotorar var oljebadfilter, der lufta vart sogen inn gjennom ein oljesump i botnen på eit kar, før ho gjekk gjennom ein sil laga av fleire lag av netting eller anna porøst materiale. Lufta som vart ført gjennom oljsesumpen reiv då med seg oljedråpar som fukta det etterfølgande porøse materialet. Partiklar i lufta festa seg då til oljefilmen på det porøse materialet. Når oljen rann ned att i oljesumpen fylgde støvpartiklane med og når motoren ikkje var i bruk søkk støvpartikane til botnen. Slike filter måtte reingjerast med jamne mellomrom og oljen måtte skiftast.

Vassbadfilter endre

Før 1940 var nokre motorar utstyrte med vassbadfilter. Desse fungerte om lag på same vis som oljebadviltre, men vassfilmen var ikkje like effektivt som ein oljefilm.

Papirfilter endre

 
Papirluftfilter på ein BMW E39.

Moderne forbrenningsmotorar nyttar papirluftfilter. Materialet er ikkje alltid pair, der lufta går gjennom tronge porer i papir, eller liknande materiale. Desse filtera er mein effektive enn oljebadfilter og lettare å halda ved like. Vedlikehaldet går ut på at filtera vert skifta etter eit visst timetal, eller køyrelengd. Når motoren vert nytta under svært støvhaldige tilhøve må intervallet mellom filterbytte reduserast. Som døme på slike tilhøve han ein nemna [[Traktor|landbrukstraktorar som horvar ein tørr åker, skurtreskarar som arbeider under tørre tilhøve, anleggsmaskinar som arbeider i steinbrot, osb.

Papirluftfilter bør ha eit etter måten stort areal, slik at lufthastigheita ikkje vert for stor. Dette på grunn av at straumingsmotstanden er proportional med volumhastigheita.

Luftfilter for klimanlegg endre

 
Luftfilter for klimanlegget i ein Mercedes E500.

Luftfilter for klimaanlegg skal fjerna støvpartiklar, men òg pollen. Slike filter er som oftast papirfilter, og liknar mykje på papirluftfilter for forbrenningsmotorar. Desse filtera lyt òg skiftast med jamne intervall.

Luftfilter for støvsugarar endre

Støvsugarar syg inn ein luftstraum, som riv med seg støvpartiklar. I vifte sug lufta gjennom ein oppsamplingspose av papir, før lufta vert blesen ut i rommet att. Svært små støvpartiklar går ofte gjennom papirposen og ut i rommet att. For å hindra dette er mange støvsugarar utstyrte med filter som samlar opp desse partiklane.