Luftkrigsskulen er ein treårig høgskule som utdannar offiserar for Luftforsvaret. Skulen vart oppretta i 1949 og ligg i Kuhaugen leir i Persaunvegen i Trondheim.

Luftkrigsskulen
Grunnlagd1. oktober 1949
KommuneTrondheim kommune
Nettstadhttps://www.forsvaret.no/utdanning/utdanninger/vbu
Kart
Luftkrigsskulen
63°25′47″N 10°26′10″E / 63.42972222°N 10.43611111°E / 63.42972222; 10.43611111

Luftkrigsskulen høyrer til Forsvarets høgskole.[1] Han er ein av Forsvaret sine tre krigsskular. Dei andre to er Krigsskulen (Hæren) og Sjøkrigsskulen (Sjøforsvaret).

Skulen hadde først tilhald ved Akershus festning i Oslo. Grunna plassproblem flytta skulen til Fornebu i 1955. Utbygginga av Fornebu lufthamn medførte at skulen måtte flytte på ny; denne gongen vart Kuhaugen leir i Trondheim valt. Leiren vart rusta opp og utvida, og Luftkrigsskulen flytta inn i 1961.

Luftkrigsskulen skal utdanne offiserar for dagens og framtidas norske forsvar. Gjennom ei grunnleggjande profesjonsutdanning skal kadettane få ei akademisk utdanning av høg kvalitet i kombinasjon med ei praktisk retta leiarutdanning som tilfredsstiller Forsvarets krav og samfunnets verdioppfatningar. Utdanninga skal gjere kadettane i stand til å handle etisk medvite og effektivt.

Kjerneområdet til skulen er luftmakt og leiing. Desse emna blir studerte frå ulike faglege tilnærmingar i ein nasjonal og internasjonal samanheng. Det blir dessutan undervist i økonomi, språk og realfag. I 2007 hadde skulen 120 studieplassar. Skulen har to utdanningsnivå: LKSK I og LKSK II. Begge nivåa varer i to år. Det første nivået er ei grunnleggjande offisersutdanning, medan det andre utdannar offiserar for høgare leiarstillingar i Luftforsvaret. I det siste studieåret skriv kadettane ei oppgåve som gjev tittelen bachelor i militære studium. Kadettane er organiserte i eit eige forum, Kadettsamfunnet.

Kjelder

endre
  1. «Fou ved Luftkrigskolen», Forsvaret (på norsk bokmål), henta 8. juli 2021 

Bakgrunnsstoff

endre