Luftpost

Luftpost (engelsk Air Mail, fransk Par avion) er post som blir send med fly, og som postverka krev luftposttillegg for i tillegg til vanleg porto. Luftpostsendinger må vera tydeleg merka Luftpost, Par avion, Air Mail, By Air el.l.[1]

Luftpostsending i Tyskland i 1912.
Luftpostmerke frå Thailand
Konvolutt for luftpost frå Zelenogradsk via Kaliningrad til Malmø i 2003.

Den første offisielle luftposttransporten over landegrenser fann stad 12. oktober 1870, då ein varmluftsballong frakta 127 kg post frå Paris til Beclers i Belgia. I USA blei det opna ei luftpostrute med fly mellom New York og Washington i 1918.[1]

I Noreg sender ein i dag all brevpost, der det lønnar seg tidsmessig, med fly.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «luftpost». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014.