Lufttemperatur
Lufttemperatur er temperaturen i lufta og ein av dei viktigaste parametrane innan meteorologien for vêr og klima.
Ein nyttar gjerne maksimums- og minimumstemperaturar, i tillegg til middeltemperaturar for å skildre lufttemperaturen i løpet av eit tidsrom. Tidsromma er typisk eit døgn, ein månad eller eit år.
Lufttemperaturen på ein stad er avhengig av mange faktorar. Den geografiske plasseringa, tid på året, høgda over havet, kva overflate det er snakk om og kor eksponert området er, har mykje å seie for kor høg og låg temperaturen kan verte. I tillegg vil vêrfaktorar som skyforhold, kvar luftmassane kjem frå og vindforholda ha mykje å seie. I skya ver med ein del vind er det ofte kvar luftmassen kjem frå som er avgjerande for kva temperaturen vert, medan dei geografiske faktorane får mest å seie i stille klårvêr. I normale vêrtilstandar vil temperaturen falle med høgda. Avhengig av kor fuktig det er i lufta vil temperaturen falle mellom 0,6 (fuktig luft) og 1,0 ºC (i heilt tørr luft) per 100 meter stigning, så lenge ein held seg innanfor troposfæren.
Vind kan gjere at temperaturen kjennest lågare enn han er (eller ved lufttemperaturar over kroppstemperaturen, høgare enn han er). Dette vert kalla effektiv temperatur.
Temperaturmåling
endreOffisielle lufttemperaturmålingar vert gjort på meteorologiske stasjonar i kvitmåla bur med fri luftgjennomstrøyming. Målaren står 2 meter over bakken og skal helst stå på ein kortklypt grasplen. Termometeret er skjerma mot solstråling, og er plassert slik at han vert godt ventilert. I store delar av verda vert lufttemperaturen målt i gradar celsius (ºC), medan ein i somme land òg nyttar grader fahrenheit (ºF). SI-eininga for temperatur, grader Kelvin (ºK), vert sjeldan nytta for luftttemperaturen i vêrvarslingssamanheng, men må nyttast i ein del teoretiske utrekningar innan meteorologien.
Rekord | Temp. (ºC) | I Noreg | Dato | Temp. (ºC) | I verda | Dato |
---|---|---|---|---|---|---|
Høgaste lufttemperatur | 35,6 | Nesbyen | 20. juni 1970 | 58,0 | Al'Aziziyah i Libya | 13. september 1922 |
Lågaste lufttemperatur | –51,4 | Karasjok | 1. januar 1886 | –89,6 | Vostok i Antarktis | 21. juli 1987 |
Høgaste minimumstemperatur gjennom eitt døgn | 25,5 | Halden | 8. juli 1933 | - | - | - |
Høgaste gjennomsnittstemperatur éin månad | 22,7 | Oslo | jul. 1901 | 39,0 | Death Valley, California i USA | jul. 1959 |
Lågaste gjennomsnittstemperatur éin månad | –27,1 | Karasjok | feb. 1966 | -71,9 | Sovjetskaja i Antarktis | aug. 1958 |
Kjelder
endre«lufttemperatur» av Knut Erik Harstveit / Redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no. «lufttemperatur» i Store norske leksikon, snl.no.