Luis Miguel Martín

Luis Miguel Martín Berlanas (fødd 11. januar 1972) er ein spansk tidlegare friidrettsutøvar frå Madrid som tilhøyrde europatoppen i hinderløping i tida 1998-2004.

Martín var opphavleg mellomdistanseløpar. Frå 1998 satsa han på 3 000 meter hinder. I sin fyrste sesong som hinderløper vart han iberoamerikansk meister i øvinga og nummer fire då europameisterskapen vart avvikla i Budapest, halvtanna sekund bak bronsevinnar Jim Svenøy. Året etter sette Martín landsrekord med 8.11,1, den fyrste av fire forbetringar av den spanske rekorden. Men i Friidretts-VM 1999 i Sevilla rauk han ut i forsøket.

År 2000 vart Martín spansk meister og femtemann i Sydney-OL. Deretter sprang han inn til fjerdeplass under verdsmeisterskapen i Edmonton i 2001, før han i 2002 vann bronsemedaljen ved europameisterskapen i München. Den 30. august 2002 flytta Martín den spanske rekorden til 8.07,4 ved eit stemne i Brussel, hans livs beste prestasjon i hinderløpinga. Sidan vart han nummer seks ved verdsmeisterskapen 2003 i Saint-Denis og nummer fem under Sommar-OL 2004 i Aten. Han tevla i friidrett til 2011.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra