Luis Subercaseaux

chilensk fotballspelar

Luis Subercaseaux Errázuriz (18821973) var ein chilensk diplomat og friidrettsutøvar. Det vert sagt at han var den fyrste chilenaren og latinamerikanaren som deltok under Dei olympiske leikane.

Luis Subercaseaux
Statsborgarskap Chile
Fødd 10. mai 1882
Santiago
Død

1973 (90 år)

Idrett friidrett, fotball

Subercaseaux var den andre sonen til Ramón Subercaseaux Vicuña og Amalia Errázuriz Urmeneta og bror til den romersk-katolske erkebiskopen Juan Subercaseaux.

Sommar-OL 1896 endre

Ifylgje Den chilenske olympiske komitéen deltok Subercaseaux under sommar-OL 1896 i ein alder av 15 på 100, 400 og 800 meter, men mange historikarar meiner at han ikkje deltok i alle øvingane.

Etter OL endre

Subercaseaux studerte ved Colegio Benedictino som ligg i Pays basque français i Frankrike, der han heldt sin rekord i høgdehopp. Han var òg ein av grunnleggjarane av den chilenske fotballklubben Club de Deportes Santiago Morning og ein vellukka fotballspelar.

I 1928 var han ambassadøren til Chile i Peru, Spania og Vatikanstaten, i tillegg til å vere ein ledsager av chilenske forretningar i Belgia, Tsjekkoslovakia, Hellas, Nederland, Noreg, Polen og Jugoslavia frå konsulære kontor i den britiske hovudstaden London.

Eit monument av Subercaseaux står i inngangen til Chilean Olympic Museum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre