Lunde kyrkje i Sirdal

Lunde kyrke er ei lafta langkyrkje frå 1873 i Sirdal kommune i Agder fylke.

Lunde kyrkje
kyrkje
Foto: Kolbjørn Andersen
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Sirdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Lister og Mandal
Sokn Sirdal
Fellesråd Sirdal
Periode Empire
Arkitekt H.D.F. Linstow
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1. oktober 1873
Tårn I vest
Kor Rett avslutta, i same rom som skipet
Kyrkjegard Ja
Preikestol 1620, måla av Gottfried Hendtzschel 1637
Altartavle 1620, måla av Gottfried Hendtzschel 1637
Sitjeplassar 250[1]
Kart
Lunde kyrkje i Sirdal
58°48′30″N 6°45′48″E / 58.80840806°N 6.76333°E / 58.80840806; 6.76333
Wikimedia Commons: Lunde kirke (Sirdal)

Allereie i 1819 vart det bygd eit kapell på Lunde, øvst i Sirdal. I 1847 vart Lunde kapell godkjent som soknekyrkje ved kongeleg resolusjon av 29. oktober 1847. Og då Sirdal i 1854 vart eige prestegjeld med Tonstad som hovudsokn, vart Lunde kyrkje anneks.

Kyrkja vart bygd etter slottsarkitekt H.D.F. Linstow sine teikningar, slik det vart gjort for mange kyrkjer i Agder og Rogaland. Lunde kyrkje vart den siste av den såkalla rogalandstypen. Kyrkja har mange likskapar med t.d. Helleland kyrkje, Bjerkreim kyrkje og Tonstad kyrkje.

Det var byggmeister Tollak Tollaksen Gudmestad (1800-1881) som fekk ansvaret for bygginga av kyrkja. Han hadde god erfaring, for han hadde bygd 11 kyrkjer frå 1830. Kyrkja er oppført i tømmer og har 250 sitjeplassar. Ho vart vigsla av biskopen i Agder, Jacob von der Lippe, 1. oktober 1873.

Altartavla og preikestolen er frå 1620 og har tidligare stått i Lund kirkeMoi og i Bakke kyrkje. Altartavla skal òg ha stått i det lille kapellet som stod på staden før kyrkja vart bygd. I 1637 vart altartavla måla av Gottfried Hendtzschel. Tavla skal ha blitt måla over fleire gongar: I 1840 vart ho rosemåla og i 1841 måla med fire strøk gråkvit måling og fekk deretter ein gyllen kross i midtfeltet. I 1930 vart altartavla restaurert og fekk attende dei opphavlege fargane frå Hendtzschel si hand.

Sverre Næsheim har laga krossfestingsbiletet (1964) som står i midtfeltet, og det er ein kopi av det som stod i Ogna kyrkje, og som Godtfried Hendtschell hadde måla i 1627. På tavla i midtpartiet i Lunde kyrkje var det opphavleg eit tekstfelt, og der stod Dei ti bodorda.

Orgelet er bygd av Rudolf Janke frå Tyskland i 1983 og har 10 stemmer.

Fotnotar endre

  1. Kyrkjesøk

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre