Lussekatt er eit gulfarga bakverk som er knytt til advent, luciadagen og jul. Dei er ein type gjærbakst med kveitemjøl som ofte vert farge- og smaksette med safran.[1] Ofte vert lussekattar forma som ein S og pynta med rosiner og perlesukker. Ein kan også baka to S-ar saman side om side eller i kross. Skikken med å bake lussekattar oppstod i Sverige, der dei har ein sterk tradisjon for å feire luciadagen. Han har sidan vandra inn til Noreg.

Lussekattar pynta med perlesukker.

Andre namn på bakverket er lussebulle, lussekuse, saffransbulle, saffranskuse, julkuse og tidlegare også dövelskatt eller dyvelkatt.[2][3] Bakverket stammar truleg frå Nederlanda og Nord-Tyskland, der det finst eit søtt julebrød av kveite som heiter duivekater. Dette vart truleg eksportert til Göteborg på 1600-talet. Ifølgje Nordiska museet vart dette namnet truleg forsvenska til dyvelskatter og djävulskatter. Etterkvart som dei vart knytte til luciadagen fekk dei så namnet lussekattar.[4] Det vart vanleg å nytta safran i deigen seint på 1800-talet.[5] I Göteborg har det likevel vore vanleg å laga dei utan safran.[1]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Blomdahl, Victor (9. desember 2018). «Lussemysteriet: Därför tvekar göteborgare över saffran». gp.se (på svensk). Henta 10. desember 2020. 
  2. Svenska Akademiens ordbok: Lusse-katt (Trykka 1941)
  3. Svenska Akademiens ordbok: Dövelskatt (Trykka 1923)
  4. «Åtta snabba frågor om luciafirandet till experten». Nordiska museet (på svensk). 2. desember 2019. Arkivert frå originalen 27. november 2020. Henta 28. september 2020. 
  5. Kättström Höök, Lena; Lund Kristina: Lucia i nytt ljus, Nordiska Museets förlag, 2016 (swe), s. 24. ISBN 9789171085887. Libris 19775090. 

Bakgrunnsstoff endre

  Lussekatter. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker.