Det norske lutherske Indremisjonsselskap

(Omdirigert frå Lutherstiftelsen)

Det norske lutherske Indremisjonsselskap (ofte forkorta Indremisjonsselskapet) vart skipa i 1868. 1. januar 2001 fusjonerte organisasjonen med Den norske Santalmisjon og Langesundsfjordens indremisjonsselskap, og danna Normisjon.

Historie endre

Indremisjonsselskapet vart skipa i 1868 under namnet Den norske Lutherstiftelse. Sentral i etableringa var professor Gisle Johnson. Sjølv om det er 40 år mellom Hans Nielsen Hauges død og skipingssåret for Lutherstiftelsen, vert Hauge og haugianismens lekmannshaldningar rekna som ein inspirator til og forlaupar for Indremisjonsselskapet.

Den norske Lutherstiftelse endre

Den norske Lutherstiftelse var i vesentleg grad ein organisasjon som hadde til hovudoppgåve å utbreia kristeleg litteratur. Det vart produsert oppbyggjelege skrifter og tilsett omreisande menn, kalla kolportørar eller bibelbod, for å selja skriftene. Ikkje sjeldan vart nok desse omreisande òg bedne om å lesa frå skriftene og halda oppbyggjelege samlingar. Formannen i stiftinga, Gisle Johnson meine likevel at ein ikkje skulle tala offentleg utan løyve frå den lokale presten. Johnson meinte det einast var ein naudsituasjon i kyrkja som gjorde at ein kunne tillata ikkje-ordinerte å preika Guds ord offentleg (det såkalla naudsprinsippet).

I 1891 gjekk Lutherstiftelsen formannen bort frå naudsprinsippet. Organisasjonen vart omgjort til ei frivillig rørsle i kyrkja som sende ut omreisande predikantar og talarar, og namnet vart endra frå Den norske Lutherstiftelse til Det norske lutherske Indremisjonsselskap. Gisle Johnson valde å forlata Indremisjonsselskapet, og professor Sigurd Odland vart vald til formann.

Bok & Media endre

Bokproduksjon og spreiing av kristeleg litteratur har hatt ein sentral plass i organisasjonen også etter 1891. Den norske Lutherstiftelse heldt fram publiseringsverksemda i det som seinare er vorte Luther Forlag og Lutherstiftelsen Bokhandel - seinare Bok & Media.

Kampen mot den liberale teologien endre

Indremisjonsselskapets leiarar kom til å bli leiande i norsk kyrkjedebatt gjennom store delar av soga til organisasjonen. Namn som Gisle Johnson, Sigurd Odland, Johan Martin Wisløff, Ole Hallesby og Gunnar Prestegård står som representantar for den såkalla konservative delen av kyrkja som førte ein aktiv kamp mot plassen til den liberale teologen i Den norske kyrkja.

Ein kyrkjeleg organisasjon endre

I heile levetida til organisasjonen må likevel Indremisjonsselskapet reknast som ein organisasjon som såg verksemda si som ein del av arbeidet til Den norske kyrkja, og både leiarane i Indremisjonsselskapet og fotfolket i alle landets bedehus levde i all hovudsak etter parolen "kjerka om formiddagen og bedehuset om kvelden". Organisasjonen tilsette ei rekkje omreisande predikantar som heldt møte i bedehus, kyrkjer og heimar. Indremisjonsselskapet dreiv òg eit monaleg barne- og ungdomsarbeid og bygde opp fleire titals leirstader over heile landet.

Nærleiken til Den norske kyrkja har vore tydeleg ved at sentrale personar i Indremisjonsselskapet seinare vart biskopar i Den norske kyrkja. Dette gjeld Hans Edvard Wisløff, Erling Utnem, Håkon E. Andersen, Thor S. With og Øystein I. Larsen. Kyrkerådsleiarane Oddbjørn Evenshaug og Nils-Tore Andersen har båe hatt plass i hovudstyret i Indremisjonsselskapet, Evenshaug jamvel som formann, som den fyrste lekmann i soga til organisasjonen.

Skuledrift endre

Generalsekretær Johan Martin Wisløff (generalsekretær 1912-1944) ynskte at indremisjonsfolket tok aktivt del i kyrkjelivet, og då kyrkjelydsråda vart etablerte på byrjinga av 1920-talet, oppmoda han indremisjonsfolk over heile landet om å gå inn og "fylla institusjonane".

Saman med Ole Hallesby kom Wisløff til å prega norsk kyrkjeliv og kyrkjedebatt heile fyrste halvdel av 1900-talet. Den offensive satsinga på utdanning gav resultat i form av ei rekkje ungdomsskuler (seinare folkehøgskular) og fagskular som Gjennestad Gartnerskole og Tomb Jordbruksskole. Indremisjonsselskapet har òg hatt ein sentral plass i samband med etableringa av mellom anna Det teologiske Menighetsfakultet og Kristelig Gymnasium i Oslo. Ikkje minst Bibelskolen i Oslo, frå 2003: Høgskolen i Staffeldtsgate), kom til å bli ein viktig utdanningsstad for predikantar og arbeidarar både i og utanfor Indremisjonsselskapet. I 1982 reiste Indremisjonsselskapet ein ny bibelskule - Bibelskolen i Grimstad.

Fusjon endre

Dei frivillige kristelege organisasjonane i Noreg hadde sin mest aktive og ekspansive periode frå siste halvdel av 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Endringar i samfunnet og i kyrkja gav nye utfordringar, og det vart behov for nye arbeids- og organisasjonsformer. Både på grunn av læremessige spenningar i kyrkja og ikkje minst av praktiske omsyn, ynskte fleire foreiningar og forsamlingar å kunna høyra til fellesskap som inkluderte både indremisjon og ytremisjon. Somme stader - ikkje minst i dei større byane - ynskte ein òg at forsamlinga ein høyrde til, kunne tilby nattverd og dåp.

Det norske lutherske Indremisjonsselskap gjekk 1. januar 2001 saman med Den norske Santalmisjon og danna organisasjonen Normisjon.

Formenn endre

Generalsekretærar endre

Sjå òg endre

Denne artikkelen byggjer på «Det norske lutherske Indremisjonsselskap» henta frå Wikipedia på bokmål 10. januar 2011.