Lyaskovets Peak
Lyaskovets Peak (Vrah Ljaskovets) er det austlegaste fjellet på Friesland Ridge i Tangra Mountains, aust på Livingston Island og har ei høgd på 1473 moh. Fjellet vart klarta første gong den 14. desember 2004 av Tangra 2004/05 frå Camp Academia og Catalunyan Saddle.
Lyaskovets Peak | |||
fjell | |||
Lyaskovets Peak med Sfinksen i framgrunnen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Tangra Mountains | ||
Topp | Livingston Island | ||
• høgd | 1 473 moh. | ||
- koordinatar | 62°39′48.5″S 60°08′34.7″W / 62.663472°S 60.142972°W | ||
Lettast tilkomst | snø og is | ||
Førstestiging | Tangra 2004/05 | ||
- dato | 14. desember 2004 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lyaskovets Peak 62°39′48″S 60°08′35″W / 62.663472222222°S 60.142972222222°W | |||
Fjellet grensar til Catalunyan Saddle i vest og Shipka Saddle i aust. Vest-, sør- og austsida er stupbratte og fjellet er dekt av isbrear og bresprekkar. Fjellet ligg oppom Huronbreen i nordvest og nordaust, og Macybreen og Brunow Bay i sør. Det går ein utstikkar nordover og dannar Zograf Peak, og er knytt til Lozen Nunatak, Erma Knoll og Aheloy Nunatak i Huronbreen.
Ljaskovets er ein sentral by nord i Bulgaria.
Fjellet ligg 2,3 km aust-nordaust for Mount Friesland (toppen av Friesland Ridge, 1700 moh), 3,2 km sør-søraust for Kuzman Knoll, 133 km aust for Zograf Peak, 13 km vest for Levski Peak og 4,6 km vest-nordvest for Great Needle Peak (toppen av Levski Ridge, 1690 moh)
Kjelder
endre- L.L. Ivanov, Livingston Island[daud lenkje]: Tangra Mountains, Komini Peak, west slope new rock route; Lyaskovets Peak, first ascent; Zograf Peak, first ascent; Vidin Heights, Melnik Peak, Melnik Ridge, first ascent, The American Alpine Journal , 2005, 312-315.
- Livingston Island, Climb Magazine, Issue 14, Kettering, UK, April 2006, 89-91
Bakgrunnsstoff
endre- Composite Antarctic Gazetteer: Lyaskovets Peak