Lyceum Theatre i London

Lyceum Theatre (/laɪˈsiːəm/) er eit West End-teater som ligg i City of Westminster, på Wellington Street, like utanfor Strand i sentrale London. Det har ein setkapasitet på 2100. Opphavet til teateret blir datert til 1765. Samuel Arnold hadde leiinga av teateret frå 1794 til 1809, og han var vert for ei rekkje ulike typar underhaldning, blant anna eit sirkus produsert av Philip Astley, eit kapell, og den fyrste voksverkutstillinga til Madame Tussauds i London. Frå 1816 til 1830 var bygningen The English Opera House. Etter ein brann blei huset bygd opp igjen og opna på nytt den 14. juli 1834 etter eit design av Samuel Beazley.[1] Bygningen er einaståande i at han har ein balkong som heng over galleriet (dress circle). Han blei bygd av partnarskapet Peto & Grissell. Teateret spelte no mellom anna opera, dramatiseringar av verka til Charles Dickens og «faerie extravaganzas» av James Planchés.

Lyceum Theatre

ArkitektSamuel Beazley
Opna1816
Kart
Lyceum Theatre
51°30′42″N 0°07′11″W / 51.5116°N 0.11975°W / 51.5116; -0.11975

Frå 1871 til 1902 opptredde Henry Irving ved teateret, særleg i Shakespeare-produksjonar, vanlegvis med Ellen Terry som motspelar. I 1904 blei teateret nesten fullstendig ombygd og rikt dekorert i rokokkostil av Bertie Crewe, men ein heldt på Beazley sin fasade og store portiko. Det blei spelte mest melodrama i dei neste tiåra. Bygningen blei stengt i 1939 og skulle rivast, men blei redda og gjort om til dansehalla for Mecca i 1951, med namnet Lyceum Ballroom, der mange kjende grupper spelte. Bygningen blei stengd i 1986, men restaurert til teaterbruk i 1996 av Holohan Architects.[2] Sidan 1999 har teateret synt musikalen The Lion King.

Kjelder endre

  1. «Lyceum Theatre». 
  2. Earl and Sells (2000), pp. 123–24.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lyceum Theatre i London