Lygra kyrkje
Lygra kyrkje står på øya Lygra i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1892. Kyrkja er teikna av Petter Gabrielsen Spjutø.
Lygra kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Lygra | ||
Fellesråd | Lindås | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Petter Gabrielsen Spjutø[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1892[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Triptyk frå 1690–92 | ||
Lygra kyrkje 60°41′20″N 5°07′09″E / 60.6888°N 5.1192°E | |||
Wikimedia Commons: Lygra kyrkje |
Det har vore kyrkje på Lygra sidan mellomalderen, og det har vore minst tre kyrkjebygg der før den noverande kyrkja. Fyrste gongen ein finn Lygra nemnd som kyrkjestad er i eit diplom frå 1321. Mellomalderkyrkja, som mest truleg var ei stavkyrkje, vart avløyst av ei tømmerkyrkje på 1600-talet. 1600-talskyrkja skal ha brunne i 1772, og det vart bygd ei ny kyrkje til å erstatte henne. Denne kyrkja stod til 1892 då ho måtte vike plassen for den noverande kyrkja.
Lygra kyrkje er soknekyrkje i Lygra sokn i Nordhordland prosti. I mellomalderen var soknet eit anneks under Lindås. Soknet var overført frå Lindås prestegjeld til Alversund prestegjeld i 1975 fram til prestegjeldsordninga vart nedlagt i 2004.[2]
Kjelder
endre- Lygra kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Lygra kirke»». Henta 9. april 2014. På nettstaden til NIKU og KA
- ↑ «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket, arkivert frå originalen 22. mars 2009, henta 2. april 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Om Lygra sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Lindås kommune på nettstaden disnorge.no
- Lygra kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Lygra kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.