Lysefjordbrua er ei tradisjonell hengebru over Lysefjorden i Forsand kommune. Brua blei opna desember 1997 og er 640 meter lang. Ho har eit hovudspenn på 446 meter og sidespenn på til saman 193 meter. Tårna på kvar side av fjorden er 107 meter høge. Eine enden av brua står på Giskalineset på Forsand-sida av fjorden medan andre enden koplar brua rett inn på Riksveg 13/Ryfylkevegen.

Lysefjordbrua 8. august 2004 sett frå høgsfjordferja.
Frå Forsand-sida.

Lysefjordbrua har betra samferdsla i området ved å knyta Forsand og Strand kommune saman med veg. Innbyggjarane i Forsand treng ikkje lenger ta ferje for å koma seg til næraste byen, som er Jørpeland. Etter at brua blei opna blei også ferjeavgangane på Høgsfjordsambandet hyppigare med avgangar kvar halvtime ettersom ferja nå berre går mellom kaiane på Oanes og Lauvvik og ikkje innom kaien på Forsand også. Dette har gjort at reisetida og høvet til å reisa til Sandnes er blitt betre.

I 1999 fekk brua prisen Vakre Vegers Pris av vegdirektoratet. Prisen legg mellom anna vekt på dei estetiske sidene ved vegar som får tildelt han. Grunngjevinga for at Lysefjordbrua vann var at brua ikkje gjorde store naturinngrep i dei krevjande omgjevnadane. Juryen syntest ho var vakker både på avstand og på nært hald.

BakgrunnsstoffEndra

  • vegvesen.no - Grunngjevinga for at Lysefjordbrua vann Vakre Vegers Pris

Sjå ògEndra