Høgsfjordsambandet

Høgsfjordsambandet er namnet på eit ferjesamband som kryssar Høgsfjorden mellom Oanes og Lauvvik som ein del av Riksveg 13. Før opninga av Lysefjordbrua i desember 1997, så var også Forsand ein del av ferjesambandet, trekantsambandet Lauvvik-Oanes-Forsand.

MF «Høgsfjord» ved kaia på Lauvvik.
Foto: Hallvard Nygård

Historie endre

Sambandet over Høgsfjorden vart starta opp rundt pinsa 1962. Det var bilferja M/F Høgsfjord med plass til tolv bilar som farta sambandet. Dei første dagane var det opp til seks timars ventetid på grunn av stor trafikk som følgje av at innbyggjarane i områda rundt skulle teste ferja. Det var Høgsfjord Rutelag som dreiv sambandet i starten.

I 1966 vart M/F «Oanes» (tidlegare M/F «Kleppestø») med plass til 22 biler setten inn i tillegg til M/F «Høgsfjord». M/F «Oanes» var bygd i 1955 og vart kjøpt frå Rutelaget Askøy-Bergen. Seinare vart begge ferjene skifta ut med MF «Høgsfjord» (bygd i 1978).

Den første MF «Høgsfjord» slutta å gå på sambandet i 1990. Då tok truleg MF «Frafjord» over før den nye MF «Høgsfjord» vart setten i drift i 1992. Med nye MF «Høgsfjord» vart effektiviteten i Høgsfjordsambandet sterkt betra. Saman med tvillingferja MF «Hjelmeland») var ho utvikla spesielt for små og korte samband med mange avgangar i døgnet. Den hadde òg sidevegs maskinkraft for enklare manøvrering til kai.

Om Ryfast vert realisert etter planar som finst i 2007 vil Høgsfjordsambandet verte lagt ned.

 
Kolumbus si rute 47 frå Lauvvik korresponderer med ferja.
Foto: Hallvard Nygård

Busskorrespondanse endre

Fleire bussruter på begge kaiene korresponderer med ferjeavgangane. Østerhus-bussar som går frå Forsand til Jørpeland på «gamlevegen» innom Idse går òg innom kaia på Oanes. På kvardagar køyrer Østerhus ei pendlarrute frå Jørpeland til Forus som går med ferja, ho korresponder også med buss på Oanes til Forsand. Det går også bussar frå Forsand kai til Oanes og motsett, for å frakte skuleelevar og andre pendlande som anten tek rute 47 frå Lauvvik eller høpp på pendlarruta på Oanes. På Lauvvik-sida går Kolumbus si bussrute 47 til Sandnes fleire gongar dagleg.

Ferjer i Høgsfjordsambandet endre

Kjelder endre