Lysippos eller Lysippus (gresk skrift Λύσιππος, fødd cirka 390 f.Kr. i Sikyon) var ein gresk skulptør som saman med Praxiteles og Skopas tilhøyrde dei fremste under den klassiske hellenske overgangsperioden.

Lysippos
Cupido4b.jpg
Fødd ca. 390 f.Kr.
Sikyon
Død

ca. 300 f.Kr.

Sjanger portrett
Yrke bilethoggar, brazier, arkitekt
Hermes av Atalante, ein romersk marmorkopi av Lysippos sin bronsoriginal.

Liv og virkeEndra

Lysippos skapte ei mengd statuar, etter tradisjonen nesten 1 500, dei fleste i bronse. Blant dei som kjøpte arbeida hans var fleire greske statsetatar og herskarar som Aleksander den store og Kassandros. Lysippos følgde Alexander den store under dei tidlege krigstokta hans, og var den einaste skulptøren som fekk lov til å foreviga keisaren i bronse. Det finst ingen originalar att av verka hans i dag, men det finst kopiar av dei. Av kopiane rekner ein Apoxyomenos ('Skraparen') for å vera det verket som ligg mest opp til originalen. Originalen vart laga i år 330 f.Kr., den romerske kopien stammar frå keisar Augustus si tid tid og vart funnen i Roma i 1849.

I høve tll ein tradisjon som ikkje treng vera rett var Lysippos sjølvlært skulptør (autodidakt) og skal òg ha laga statuen av Polykleitos. Han skal ha oppgjeve at skulpturen Doryforos var den einaste som var hans mentor.

KjelderEndra