Karl Renner
Karl Renner (14. desember 1870–31. desember 1950) var ein austerriksk sosialist, og høyrte til den særeigne venstresosialistiske retninga ein kallar austromarxismen. Han var rettslærd, og skreiv fleire viktige verk innan rettslæra frå ein marxistisk synsstad, blant anna «Den sosiale funksjonen til rettsinstitusjonane», som blei utgitt i 1904.
Karl Renner | |||
| |||
Fødd | 14. desember 1870 Dolní Dunajovice | ||
---|---|---|---|
Død | 31. desember 1950 (80 år) | ||
Statsborgar av | Cisleithania, Austerrike, Det tyske riket | ||
Parti | Sozialdemokratische Partei Österreichs | ||
Yrke | politikar, bibliotekar, diplomat, advokat, jurist | ||
Institusjonar | Østerrikes regjering | ||
Utdanna ved | Universitetet i Wien | ||
Ektefelle | Luise Renner | ||
Barn | Leopoldine Deutsch-Renner | ||
Alle verv |
|
I verket «Problema i marxismen» frå 1916 kom Renner med ei tidleg analyse av den statsregulerte forma for kapitalisme som kom tydeleg til syne i krigsøkonomien under første verdskrigen.
Etter Renner var død, blei verket hans «Endringane i det moderne samfunnet» utgitt, i 1953. Det dreiar seg om sosialistisk strategi i eit seinkapitalistisk samfunn.
Somme reknar Renner som ståande på høgre fløy innanfor austromarxismen, relativt nær revisjonismen til Eduard Bernstein. Det er iallfall sant at Renner stod eintydig på det parlamentariske demokratiet sin grunn, og han forsvarte ei parlamentarisk strategisk linje innetter i ordskifta i det austerrikske sosialdemokratiske partiet SDAP, no SPÖ.
Karl Renner var den første statsministeren i republikken Austerrike i 1918, hadde sidan fleire ministerpostar, og frå 1945 til han døydde var han presidenten i landet.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |