Svartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik

ferjesamband
(Omdirigert frå Nordeide-Måren-Ortnevik)

Svartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik var eit ferjesamband mellom Svartemyr, Nordeide, Måren og Ortnevik i Høyanger kommune. Sambandet vart til i 1982 som eit framhald av gamle Svartemyr-Nordeide, og fekk stoppa på Måren og Ortnevik frå sambandet Kongsnes-Nordeide som vart lagd ned same år.

Svartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik
TraséSvartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik
RutenettTidlegare ferjesamband i Sogn
DriftselskapFylkesbaatane
Oppretta1982
Nedlagd2000
Erstatta avNordeide-Måren-Ortnevik(-Vik)
KommuneHøyanger
FylkeSogn og Fjordane

I 1992 vart Svartemyr sløyfa frå sambandet då vestre delen av Høyanger sørside hadde fått veg til den nyopprusta Oppedal ferjekai i Ytre Oppedal og stamvegsambandet Lavik-Oppedal, trass i at dette gav lengre reiseveg for innbyggjarane til kommunesenteret Høyanger.

Våren 2000 vart sambandet slegen saman med båtruta mellom Ortnevik og Vik til det nye bilførande båtsambandet Nordeide-Måren-Ortnevik(-Vik), og med dette var tida som eit ordinært ferjesamband over.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre