Médée av Cherubini

Médée er ein franskspråkleg opéra-comique av Luigi Cherubini. Librettoen er skriven av François-Benoît Hoffmann (Nicolas Étienne Framéry) og var basert på tragedien til Euripides om Medea og skodespelet til Pierre Corneille, Médée.[1]

Médée
Opera av Luigi Cherubini

SjangerOpera
PeriodeKlassisismen
Komponert1797
Urframføring13. mars 1797
Typisk lengd130:26
Satsar/akter30
Tekst avFrançois-Benoît Hoffmann

Operaen hadde premiere 13. mars 1797 ved Théâtre Feydeau i Paris. Han fekk lunken mottaking og vart ikkje sett opp på ei stund. I løpet av 1800-talet og det meste av 1900-talet, vart han vanlegvis sett opp med den italienske omsetjinga som Medea, der talt dialog erstatta resitativ som ikkje var autoriserte av komponisten. I nyare tid har operaselskap gått attende til den originale utgåva til Cherubini.

Roller

endre
Rolle Røyst Premierebesetning,
13. mars 1797[2]
Médée sopran Julie-Angélique Scio
Dircé, dotter til Créon sopran Rosine
Néris, slaven til Médée mezzosopran Auvray
Jason tenor Pierre Gaveaux
Kong Créon bass Alexis Dessaules
Vaktkapteinen talande rolle Legrand
To tenestejenter for Dirce sopranar Verteuil, -
To born stille roller
Kor: Tenarane til Dircé, argonautar, prestar, krigarar, folket i Korinth

Kjelder

endre
  1. Informasjon frå Operone, arkivert frå originalen 10. juli 2006, henta 22. juli 2010 
  2. Information from AnadeusOnline.net

Bakgrunnsstoff

endre