Mörbylånga kommun

kommune i Kalmar len i Sverige
(Omdirigert frå Mörbylånga kommune)

Mörbylånga kommun ligg i det svenske länet Kalmar län på øya Öland. Administrasjonssenter i kommunen er Mörbylånga. Kommunen utgjer søre delen av øya Öland, og er eit eldgamalt kulturlandskap – Kulturlandskapet på Södra Öland – med rullesteinsmarker i vest og Stora alvaret på kalksteinsgrunn med alvar i aust. Borga Eketorp vitnar om høvdingemakt sidan bronsealderen, og Vickleby har kyrkje frå 1100-talet. I kommunen ligg tettstaden Färjestaden som har brusamband over til fastlandet. Ölands Djurpark ligg ved Färjestaden.

Mörbylånga kommun
kommune
Ölands Bank Mörbylaanga.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Kalmar län
Landskap Öland
Areal 668,33 km²
 - land 666,79 km²
 - vatn 1,54 km²
Folketal 14 152
Mörbylånga Municipality in Kalmar County.png
Wikimedia Commons: Mörbylånga Municipality

Ein stor del av innbyggjarane i kommunen pendlar til arbeidsplassar utanfor kommunen, særleg til Kalmar.

TettstaderEndra

Mörbylånga kommune har ni tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Färjestaden 4 636
2. Mörbylånga 1 784
3. Skogsby 528
4. Algutsrum 499
5. Degerhamn 372
6. Vickleby 310
7. Gårdby 262
8. Arontorp 231
9. Kastlösa 208
 
Stora alvaret ligg i Mörbylånga.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra