MF «Kvam»
bilferge bygd i 1977
M/F «Kvam» i rute Halhjem-Sandvikvåg i 1978. Foto: Harald Sætre. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Kvam» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Bolsønes Verft i Molde |
Verftsnummer: | 247 |
Sjøsett: | 1977 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LFCR |
IMO-nummer: | 7604398 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 591 bruttotonnregister, 208 nrt |
Lengd: | 64,34 m |
Breidd: | 11,27 m |
Djupgang: | 3,44 m |
Installert effekt : | 1300 bhk |
Framdrift: | 5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Bilar: | 50 køyretøy |
Generelle mål etter ommåling i 1994 | |
Tonnasje: | 839 bruttotonnregister, 254 nrt |
Bilar: | 65 køyretøy |
MF «Kvam» er ei bilferje levert frå Bolsønes Verft i Molde i mai 1977 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og gjekk inn i ruta Sagvåg-Siggjarvåg mellom Stord og Bømlo. Sidan 2008 har ferja gått i ruta Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya.
I 1989 vart det bygd hengedekk og ho kunne då ta 65 personbilar, 15 bilar meir enn tidlegare.
Ferja har vore i flåten til HSD, HSD Sjø, Tide Sjø og Norled heile vegen.
Rutesamband
endre- 1977 - 1998: Sagvåg-Siggjarvåg, òg Halhjem-Sandvikvåg
- 1984 og mai 1985 til april 1986: Valevåg-Skjersholmane
- 1998-2001: Skånevik-Matre-Utåker
- 2001-2003: Leirvik-Ranavik-Sunde
- 2003: Skjersholmane-Ranavik-Sunde
- 2003-2006: Reserveferje
- 2006-2007: Jondal-Tørvikbygd
- Sidan 2008: Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya
Kjelder
endre- Skipet.no
- «Kvam» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.