MF «Osafjord»
MF «Osafjord» i Ulvik | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Osafjord» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Stord Verft |
Verftsnummer: | 52 |
Sjøsett: | 1959 |
Teke ut av teneste: | 1976 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | JXFI |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 152 bruttotonnregister, 50 nrt |
Lengd: | 88,6 fot (27,0 m) |
Breidd: | 26,3 fot (8,0 m) |
Djupgang: | 10,1 fot (3,1 m) |
Installert effekt : | 300 bhk |
Framdrift: | 3cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Fart: | 10 |
Passasjerar: | 95 passasjerar |
Bilar: | 12 køyretøy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Lauvsnes» |
Eigar: |
1976-1983: A/S Namsos Trafikkselskap 1983-1986:Hans Norland |
Sett i teneste: | 1976 |
Heimehamn: |
Namsos Jørpeland/Stavanger |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Showboat» |
Eigar: |
1989-1991: Skipsinvest K/S 1991-1994: Fjordpartners KS 1994-2002: Pereus Invest A/S 2002-2008: Vidar Gjervik 2008-: Showboat AS |
Sett i teneste: | 1989- |
Heimehamn: |
1989-2004: Oslo 2004-: Bergen |
Status: | Framleis i drift i 2011 |
Generelle mål etter ombygging i 2003 | |
Type: | Passasjerbåt |
Passasjerar: | 160 passasjerar |
M/F «Osafjord», i dag MS «Showboat», var ei bilferje bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1959.
Ferja vart bygd ved Stord Verft ved Leirvik i Stord kommune og var i drift for HSD fram til 1976 og gjekk hovudsakleg i tre forskjellige ruter i Hardanger og Sunnhordland.
I oktober 1976 vart ferja seld til Namsos Trafikkselskap. Ferja vart då ombygd og omdøypt MF «Lauvsnes».
I juni 1983 vart ho seld vidare til Stavanger og vart nytta som transportskip. I 1986 gjekk ho vidare til Oslo, der ho vart ombygd og fekk namnet «Showboat». Under dette namnet hadde ho forskjellige eigarar fram til 2002 og vart nytta til utfluktar i Oslofjorden. I 2002-2003 vart båten renovert i Bergen ved Bergen Mekaniske Verksted i Laksevåg. Sidan 2004 har ho vert nytta til utflukter kring Bergen.
MF «Osafjord» vart seld til West Charter AS i 2019. I 2020 vart skipet selt vidare til Geir Atle Stormbringer[1] etter at West Charter AS gjekk konkurs.[2] I 2021 kjøpte Pål Aaserud skipet gjennom firmaet Sailr As. Dei fører skipet vidare ved å leie ut til events og blåturar.[treng kjelde]
Ferjesamband
endre- 1959-1962: Ulvik - Brimnes
- 1962-1965: Skånevik - Matre - Utåker
- 1965-1976: Jektevik - Flatråker - Nordhuglo, med lokalrute til Flakkavåg
- 1976-1980: Kjerstivika - Seierstad - Salsnes
- 1980-1982: Kjerstivika - Briksillan
Kjelder
endre- ↑ «Skipssøk - Sjøfartsdirektoratet». www.sdir.no. Henta 5. januar 2021.
- ↑ «West Charter AS - 822291112 - Firmapresentasjon». www.purehelp.no. Henta 5. januar 2021.[daud lenkje]