Aker Solutions Stord

norsk industribedrift
(Omdirigert frå Stord Verft)

Aker Solutions Stord, tidlegare Kværner Stord AS, A/S Stord Sildoljefabrik, AS Stord, AS Stord Verft, Aker Kværner Stord AS og Aker Stord AS er eit verftStord i Hordaland eigd av Kværner ASA. Kværner Stord er ein sentral aktør i utbygginga av dei store installasjonane på Norsk sokkel. Kværner Stord har 1698 tilsette (2014).

Kværner Stord

Org.formAksjeselskap
EigarKværner ASA (100%)
HovudkontorStord
LandNoreg
StyreleiarJan Arve Haugan[1]
Dagleg leiarSteinar Røgenes[2]
Tilsette1698[3]
Resultat472 MNOK[4]
Nettstadhttps://www.akersolutions.com/contact/offices/europe/norway/stord/ (engelsk)
H6e-riggen Aker Spitsbergen, bygd for Aker Drilling, under bygging ved AKST våren 2008

Historie endre

Værftet byrja som sildoljefabrikk i 1919, skipa av kaptein Theodor Onarheim og brørne hans. Fabrikken vart bygt i løpet av ein kort periode og stod klar til å produsere sildeolje vinteren 1920. Verksemda gjekk etter nokre år konkurs vart overteken av Sigfinn Bartz-Johannessen frå Bergen som saman med sonen Christian Bartz-Johannessen dreiv og utvikla verksemda vidare. Det vart produsert sildeolje ved anlegget heilt fram til 1959. Sidan sildolje- og sildemjølproduksjon var sesongbasert såg leiarane av bedrifta seg om etter anna for å få kontinuitet i bemanninga på anlegget og i 1938 vart det bygd ein liten bedding og tilhøyrande plateverkstad i nærleiken av sildoljefabrikken. I tida frå 1943 til 1980 vart anlegget utvikla og det vart bygd mange typar skip, frå mindre passasjerskip, redningsfartøy, kvalbåtar, bilferjer, linjeskip til dei største tankskipa på heile 286 000 TDW.

Skipsbygginga tok til like etter den andre verdskrigen var over. Det første skipet som stod ferdig på verftet var «Midthordland» frå 1947. Båten er i dag eit veteranskip som framleis er i drift. I 1952 stod ein ny plateverkstad og ny bedding ferdig. Det vart bygd skip opp til 6500 TDW, men beddingen vart rask for liten og vart nedlagd alt i 1964. I 1958 gjekk verftet inn i Aker-konsernet og i 1956-1958 vart den nye plateverkstad 3 med tilhøyrande byggedokk og kaianlegg bygt, finansiert av Aker. Byggedokken var så stor at det kunne byggast skip på 219 000 tonn, noko som synte at verftet var framsynt, for det var først i 1971 at ein trong å utvide dokken for å kunne byggje skipa på 286 000 tonn.

Suezkanalen opna vart det kontrahert særs mange tankskip, og det vart snakka om å byggje ut verftet for å kunne byggje skip frå 500 000 til 800 000 tonn, noko som var bakgrunnen for satsinga på Eldøyane på Stord. Men då oljekrisa kom på 1970-talet vart det derimot ein brå stopp for denne skipsindustrien. Dei største skipa som vart bygd her på Stord er òg dei største skipa som nokon gong er bygd i Noreg. I alt vart det bygd 115 båtar og skip i perioden 1943 til 1980.

Samstundes med at skipsbygginga minka, hadde ein så vidt byrja å byggje oljeplattformer. Den første plattforma som vart bygd på Aker Stord var Statfjord A. Fleire condeep-plattformer fylgde, som Gullfaks-plattformene, Oseberg A og Troll A, det største menneskeskapte byggverket som nokon gong er flytta på.

Utover på 1990- og 2000-talet har verftet bygd ei rekkje halvt nedsøkte plattformer som Snorre A og B, Njord og Kristin, i tillegg til produksjons- og lagringgskipa Norne og Åsgard A

I 1996 byrja ein òg å ta til lands utrangerte plattformer for å demontere dei. Den første var Esso Odin og i 2001-2003 vart den 110 000 tonn tunge britiske produksjonsplattforma Maureen A demontert, der 99,5 % av plattforma vart gjenbrukt eller resirkulert.

I tillegg utnytta Aker Stord kompetansen sin til å verte ein aktør på landanlegg. Aker Stord har medverka til både gassterminalen på Kårstø, Snøhvit LNGMelkøya og Ormen Lange-anlegget på Aukra ved Molde.

Dei siste store prosjekta til Aker Stord har vore bygging av dei største boreriggane i verda, Aker Spitsbergen og Aker Barents samt bygging av Gjøa-plattforma.

Aker Stord gjennomfører i 2010 oppgradering og utviding av Staoil sitt anlegg på Kollsnes samt bygging av Aker Clean Carbon sitt pilot anlegg for Co2 handtering på Mongstad.

Teknologisk utvikling endre

Aker Stord var på fleire område ei pionerbedrift som var leiande i utviklinga av ny teknologi innan skipsbygging. Verkstaden var den første i Noreg som nytta optisk merking av skipsdelane, noko dei starta med i byrjinga av 1950-åra. Med optisk merking teiknar ein alle delane i 1:10. Teikningane vert fotografert og filmane vart framvist med ein prosjektor i eit merketårn og kom fram direkte på stålet som lysande strekar i full storleik på verkstaden.

I byrjinga av 1960-åra tok ein til å nytte Autokon, som var eit system for numerisk teikning av skip og numerisk styring av brennemaskinane. I tillegg var dei tidlege ute med å nytte EDB og edb-baserte system for produksjonsplanlegging og dataassistert konstruksjon (CAD).

Eit utval av prosjekt endre

Prosjekt Konsept Type Avtaletype Operatør Arbeidsomfang Levering
Mongstad TCM Co2 capture Co2 renseanlegg Aker Clean Carbon 2012
Kollsnes Land anlegg Statoil 2011
Gjøa Halvt nedsøkt produksjonsplattform Statoil 2010
Aker Spitsbergen og Aker Barents Aker H-6e Borerigg EPC Aker Drilling 2009
Ormen Lange Prosesserings anlegg for gass Statoil 2008
Snøkvit LNG anlegg Statoil 2006
Kristin Halvt nedsøkt produksjonsplattform Statoil 2005
Snorre B Halvt nedsøkt produksjonsplattform Norsk Hydro 2001
Åsgard A FPSO Statoil 1999
Njord A Aker P-45 Produksjonsplattform EPC Norsk Hydro 1997
Norne FPSO Statoil 1997
Troll Gas Condeep (CBS) Shell 1995
Snorre A TLP Saga Petroleum 1991
Gullfaks C Condeep (CBS) Statoil 1989
Oseberg A Condeep (CBS) Norsk Hydro 1988
Gullfaks A Condeep (CBS) Statoil 1986
Amazone Jack-up Saga Petroleum 1982
Statfjord A Condeep (CBS) Mobil 1977

Referanser endre