MF «Rosendal» (1956)

bilferge bygd i 1956
Karriere  Noreg
Namn: MF «Rosendal»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Haugesund mek. Verksted i Haugesund
Verftsnummer: 12
Sjøsett: 1956
Teke ut av teneste: 1979
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LCEO
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 187 bruttotonnregister, 59 nrt
Lengd: 102,8 fot (31,3 m)
Breidd: 23,4 fot (7,1 m)
Djupgang: 7,6 fot (2,3 m)
Installert effekt : 320 bhk
Framdrift: 4cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 10 knop
Passasjerar: 240 passasjerar
Bilar: 15-17 køyretøy
Karriere  Noreg
Namn: MF «Vestgar»
Eigar: Øygarden & Sotra Rutelag L/L
Sett i teneste: 1979-1985
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: MF «Vestgar»
Eigar: P/R Bosvik & Agasøster Båtservice
Sett i teneste: 1985-1988
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: MF «Vestgar»
Eigar: Agasøster Båtservice
Sett i teneste: 1990
Heimehamn: Rubbestadneset
Generelle mål etter ommåling i 1986
Type: Bilferje
Tonnasje: 300 bruttotonnregister, 120 nrt
Karriere  Noreg
Namn: MF «Vestgar»
Eigar: AB Shipping AS
Sett i teneste: 1998-2000
Heimehamn: Stord/Bergen
Karriere  Noreg
Namn: MF «Vestgar»
Eigar: Nils Roald Agasøster
Sett i teneste: Mai 2000 - mai 2004
Heimehamn: Rubbestadneset
Karriere  Noreg
Namn: MF «Vestgar»
Eigar: Agasøster Båtservice AS
Sett i teneste: Mai 2004 - april 2008
Heimehamn: Rubbestadneset
Karriere  Noreg
Namn: MF «Bogøy i Tromsø»
Eigar: Knut Thyholdt Reibø
Sett i teneste: April 2008
Heimehamn: Tromsø
Karriere  Noreg
Namn: MF «Bogøy i Tromsø»
Eigar: Hopesenteret
Sett i teneste: 2011
Heimehamn: Kristiansand

MF «Rosendal», i dag MF «Bogøy i Tromsø», er ei bilferje bygt i mai 1956 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.

Ferja vart først sett inn i ruta Løfallstrand-Mundheim, men alt same året vart ho leigd ut til ruta Hatvik-Fusa for Det Midthordlandske Dampskibsselskab fram til 1961. Seinare gjekk ferja i rutene Leirvik-Halsnøy-Sunde (1966), Kvanndal-Utne-Kinsarvik (1967), Jondal-Tørvikbygd, Skånevik-Utåker-Matre og Jektevik-Flatråker-Nordhuglo (1978).

I 1979 vart ferja seld til Øygarden & Sotra Rutelag og omdøypt MF «Vestgar». Fram til 1985 var ho reserveferje for ruta Solsvik-Rongesund i Nordhordland, samstundes som ho gjekk i fraktruter i Øygarden og Askøy i 1979-1981.

Frå 1985 til 2007 vart ferja nytta som restaurantskip, losjiskip og til utflukter, med hamn ved Agasøster i Bømlo. I 2008 vart ferja selt til Tromsø, der ho fekk namnet MF «Bogøy i Tromsø», og vart nytta som husbåt.

Seint i 2010 vart ferja seld til Kristiansand, der ho vert nytta som ein del av eit ungdomsprosjekt. Ho ligg i dag ved Marviksbugta i Kristiansand.

Kjelder

endre