Karriere  Noreg
Namn: MS «Balholm»
Eigar: Fylkesbåtane
Verft: A/S Stord i Stord kommune
Verftsnummer: 5
Sjøsett: 23. juli 1948
Døypt: fru Røsberg
Sett i teneste: 1949
Teke ut av teneste: 1974
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LIFJ
Generelle mål
Type: Fjordbuss
Tonnasje: 241 brt
Lengd: 39,30 m
Breidd: 6,00 m
Djupgang: 3,00 m
Installert effekt : 510 hk
Framdrift: Totakts dieselmotor frå Crossley
Fart: 12,5 knop
Passasjerar: 276 passasjerar
Generelle mål etter ny motor i 1963
Installert effekt : 520 hk
Framdrift: 8-sylindra dieselmotor
frå Bergens Mekaniske Verksted
Fart: 12,5 knop
Karriere  Storbritannia
Namn: MS «Tartan Arrow V»
Eigar: Tartan Arrow Ltd.
Overdratt: september 1974
Heimehamn: London
Lagnad: Forsvann utanfor kysten av Pembrokshire i Irland

M/S «Balholm» er ein båt bygt for Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane bygt ved A/S Stord. Skipet gjekk i fart i indre Sognefjorden frå 1949 til 1974.

Historie endre

Skipet vart sjøsett 23. juli 1948 og døypt av fru Røsberg. Båten vart klassifisert i Skipskontrollen for 276 passasjerar og levert til Fylkesbåtane 26. april 1949.

Ho vart sett inn i ruta Flåm-Høyanger med korrespondanse i Flåm med tog til Oslo. Om sommaren gjekk ho i rute Flåm-Fjærland med mange utanlandske turistar.

Då det kom fleire hurtigbåtar kvar dag frå Bergen til Årdalstangen, endra trafikkmønsteret seg og «Balholm» låg i opplag om vinteren. Om sommaren vart ho derimot nytta i ruta Flåm-Gudvangen. Då bilferja kom på same ruta vart det slutt for sjøbussen.

I september 1974 vart ho kjøpt av Tartan Arrow Ltd. i London og skifta namn til «Tartan Arrow V». I 1976 vart båten kjøpt av ein reiar i Nord-Irland og fekk no attende det gamle namnet sitt, «Balholm». I 1977-1979 låg båten i Nord-Irland og fungerte som hovudkvarter for ein yachtklubb.

26. januar 1979 forsvann «Balholm» under mystiske omstende. Avisa Sunday Express skreiv 11. februar 1979 følgjande: «M/S Balholm kom i vanskar utanfor kysten av Pembrokeshire. Ho dreiv hjelpelaus omkring. Dei seks personane ombord vart teken ombord i ein livbåt etter at dei hadde klart å ankre opp båten. Neste dag var båten forsvunne. Ingen kunne gje noko rimeleg forklaring på kvar M/S Balholm hadde teke vegen.»

Kjelder endre

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 28-29. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Check |isbn= value: invalid character (hjelp).