MS «Draupner» (1989)
MS «Draupner» i Bergen i 1993. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Draupner» |
Eigar: | P/R Flaggruten ANS / v. DSD |
Verft: | A/S Fjellstrand i Omastrand |
Verftsnummer: | 1590 |
Sjøsett: | 1989 |
Heimehamn: | Stavanger |
Kjennemerke: | LARO |
IMO-nummer: | 8816065 |
Generelle mål | |
Type: | Snøggbåt |
Tonnasje: | 430 bruttotonnregister, 138 nrt |
Lengd: | 38,82 m |
Breidd: | 9,44 m |
Djupgang: | 3,91 m |
Installert effekt : | 5548 bhk |
Framdrift: | 2x 16cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen) |
Fart: | 37 knop |
Passasjerar: | 243 passasjerar |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Tyrving» (etter 1993) |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Sett i teneste: | August 1992 |
Teke ut av teneste: | 2002 |
Heimehamn: | Haugesund |
Karriere | Taiwan |
Namn: | «Superstar» |
Eigar: | Evertrust Fast Ferry Co. Ltd. |
Kjøpt: | 14. oktober 2002 |
Heimehamn: | Hualien/Kaohsiung |
MS «Draupner», seinare MS «Tyrving» i dag «Superstar», er ein snøggbåt levert frå A/S Fjellstrand i Omastrand i mai 1989 til Flaggruten ved Det Stavangerske Dampskibsselskab. Som ein del av Flaggruten gjekk båten i rute mellom Stavanger og Bergen. I 1992 var båten kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD), og han fekk i mars 1993 namnet «Tyrving». I 1996 vart båten utleigd til Tyskland.
I august 1999 vart båten lagt i opplag som reserveskip til Flaggruten. 27. november 1999 vart han sett inn i Flaggruten att og under den første turen over Sletta etter Sleipnerforliset 9. desember 1999 var det eitt minutts stille ved ulukkesstaden.
14. oktober 2002 vart båten selt til Evertrust Fast Ferry Co. Ltd. på Taiwan og han fekk namnet «Superstar».
I 2011 er båten framleis i fart.
Kjelder
endre- Skipet.no
- Norsk hurtigbåthistorie Arkivert 2014-10-29 ved Wayback Machine.