MS «Midhordland» (1981)
MS Midthordland i Haugesund i 1993. Foto Harald Sætre. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Midhordland», frå 1982 MS «Midthordland» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Westamarin i Mandal |
Verftsnummer: | 82 |
Sjøsett: | 1981 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LKHF |
IMO-nummer: | 8101393 |
Generelle mål | |
Type: | Passasjerbåt |
Tonnasje: | 220 bruttotonnregister, 144 nrt |
Daudvekt: | 50 |
Lengd: | 26,57 m |
Breidd: | 9,01 m |
Djupgang: | 2,61 m |
Installert effekt : | 2660 bhk |
Framdrift: | 2x 12cyl. 4T DM (MTU i Friedrichshafen) |
Fart: | 25 |
Karriere | Sverige |
Namn: | «Delfinen» |
Eigar: |
1994: Norholmerpilen AB, 1994: Köpenhavnspilen AB |
Heimehamn: | Malmö |
Generelle mål etter ommåling i 1994 | |
Tonnasje: | 188 bruttotonnregister, 68 nrt |
Passasjerar: | 175 passasjerar |
Karriere | Tyrkia |
Namn: | «Akgünler II» |
Eigar: | 2002: Akgünler Isletmeleri Sti. Ltd. |
Heimehamn: | Mersin |
MS «Midhordland», i dag «Akgünler II», er eit motorskip levert frå Westamarin i Mandal i november 1981 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab og gjekk inn i ruta mellom Bergen og Sunnhordland. Alt året etter, i 1982, vart båten omdøypt «Midthordland» etter store protestar på det opphavlege namnet. Frå 1982 til april 1994 gjekk båten i Haugesundsruta, Haugesund - Kopervik - Føresvik - Stavanger.
Båten vart seld i mai 1994 til Nornholmerpilen AB i Malmö i Sverige og omdøypt «Delfinen». Ho gjekk då i ruta København - Rönne. Same året vart båten seld til Köpenhavnspilen AB i Malmö, og vart sett inn i ruta mellom Malmö og København.
5. juni 2002 fekk båten tyrkiske eigarar då han vart seld til Akgünler Isletmeleri Sti. Ltd. i Mersin i Tyrkia. Båten gjekk i ruta Girne - Alanya. Registreringshavna vart endra til ukjend flagg. I 2011 er båten framleis i fart.
Kjelder
endre- Skipet.no
- Norsk hurtigbåthistorie Arkivert 2014-10-24 ved Wayback Machine.