MS «Sleipner» (1989)


MS «Sleipner» i Flaggruten i 1989
Foto: Tore Sætre
Karriere  Noreg
Namn: MS «Sleipner»
Eigar: P/R Flaggruten ANS / v. DSD
Verft: A/S Fjellstrand i Omastrand
Verftsnummer: 1589
Sjøsett: 1989
Heimehamn: Haugesund
Kjennemerke: LARR
IMO-nummer: 8816053
Generelle mål
Type: Snøggbåt
Tonnasje: 430 bruttotonnregister, 138 nrt
Lengd: 38,82 m
Breidd: 9,44 m
Djupgang: 3,91 m
Installert effekt : 5548 bhk
Framdrift: 2x 16cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 37 knop
Passasjerar: 243 passasjerar
Karriere  Noreg
Namn: MS «Sleipner»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: August 1992
Teke ut av teneste: 1997
Heimehamn: Bergen
Karriere  Estland
2001:  Kypros
Namn: «Tallink Express I»
Eigar: Hansatee Ltd. (AS Hansatee)
Kjøpt: Mars 1997
Heimehamn: Tallinn
2001: Limassol
Karriere  Malta
Namn: «Panormitis»
Eigar: A.N.E.S. High Speed (Malta) Ltd.
(Anonymus Naftiliaki Eteria Symis, Simi, Hellas)
Kjøpt: 6. november 2001
Heimehamn: Valletta
2002: Rhodos i Hellas
Karriere  Hellas
Namn: «Speed Cat 1»
Eigar: April 2008: Ukjent eigar
Juni 2009: Hellas Speed Cat
Kjøpt: April 2008
Heimehamn: Rhodos

MS «Sleipner», i dag «Speed Cat 1», er ein snøggbåt levert frå A/S Fjellstrand i Omastrand i mai 1989 til Flaggruten ved Det Stavangerske Dampskibsselskab. Som ein del av Flaggruten gjekk båten i rute mellom Stavanger og Bergen. I 1993 vart Flaggruten eit heileigd dotterselskap under Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

I mars 1997 vart båten selt til Hansatee Ltd. (AS Hansatee) i Tallinn i Estland, og han gjekk i rute mellom Tallinn og Helsingfors i Finland. Han hadde då namnet «Tallink Express I».

I august 2001 vart heimehamna endra til LimassolKypros, og seinare på året, 6. november 2002, vart båten seld til A.N.E.S. High Speed (Malta) Ltd. (Anonymus Naftiliaki Eteria Symis, Simi, Hellas) i VallettaMalta og fekk namnet «Panormitis». I 2008 vart båten først seld til ukjende eigarar på Rhodos og omdøypt «Speed Cat 1»., før han vart seld til Greece Speed Cat den 29. juni 2009.

I 2011 er båten framleis i fart.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre