Lemesós

(Omdirigert frå Limassol)

Lemesós (gresk Λεμεσός, tyrkisk Limasol eller Leymosun) eller Limassol er den nest største byen på Kypros og ein kommune i distriktet Lemesós i Republikken Kypros.[2] Byen ligg ved Akrotíribukta på den sørlege kysten av øya.

Lemesós
Λεμεσός
Limasol
Hamnepromenaden i Lemesós
Hamnepromenaden i Lemesós
Hamnepromenaden i Lemesós
Styresmakter
Land
Distrikt
 Kypros
Lemesós
Geografi
Flatevidd 44,87 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

101 000
Koordinatar 34°40′29″N 33°02′39″E / 34.67472°N 33.04417°E / 34.67472; 33.04417
Høgd over havet 0 m m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+2, UTC+03.00 (UTC)
UTC+03.00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.limassolmunicipal.com.cy/
Nettstad: www.limassolmunicipal.com.cy
Plassering
Lemesós kommune i distriktet Lemesós
Lemesós kommune i distriktet Lemesós
Lemesós kommune i distriktet Lemesós

Byen har den største hamna for mellomhandel i Middelhavet, og har etter kvart vorte den viktigaste turistbyen på øya. Lemesós har ein lang kulturell tradisjon med mange museum og arkeologiske utgravingar.

Lemesós trekkjer til seg mange turistar om sommaren, og har fleire luksushotell og leilighetar.

Historie endre

Lemesós vart bygd mellom dei to antikke byane Amathus og Kourion, og då han var ein del av Austromarriket vart han kalla Neapolis (ny by). Turistruta i Lemesós går austover langs kysten til Amathus. Vest for byen ligg Akrotíri, ein britiskstyrt militærbase.

Folketal endre

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 101 000 innbyggjarar, fordelt på desse bydelane:[1]

Kart bydelar endre

 
Lemesós

Storbyområde endre

Storbyområdet til Limassól omfattar dei seks kommunane Lemesós, Káto Polemídia, Mésa Jitonía, Ájos Athanásios, Jermasója og Ýpsonas med til saman 176 731 innbyggjarar.[3][1]

Kart storbyområde endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023. 
  2. «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023. 
  3. «Limassol, Cyprus - Intercultural City» (på engelsk). Europarådet, kulturbyprogrammet. Arkivert frå originalen 11. januar 2023. Henta 20. september 2023.