MS «Tedno» (1973)

passasjerkatamaran, bygd i 1973

Foto: Harald Sætre
Karriere  Noreg
Namn: MS «Tedno»
1991 omdøypt «Tedno I»
1996 omdøypt «Hardangerfjord»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Westermoen Hydrofoil i Mandal
Verftsnummer: 29
Sjøsett: 1973
Teke ut av teneste: 1992
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LLPS
IMO-nummer: 7321996
Generelle mål
Type: Snøggbåt/Hydrofoilbåt
Tonnasje: 199 bruttotonnregister, 113 nrt
Lengd: 87,5 fot (26,7 m)
Breidd: 29,6 fot (9,0 m)
Djupgang: 8,6 fot (2,6 m)
Installert effekt : 2700 bhk
Framdrift: 2x 12cyl. 4T EV DM (MTU, Friedrichshafen)
Passasjerar: 140 passasjerar
Generelle mål etter ommåling i 1994
Tonnasje: 184 bruttotonnregister, 64 nrt
Karriere  Noreg
Namn: «Hardangerfjord»
Eigar: Mørecruise
Sett i teneste: 1999
Heimehamn: Langevåg/Bergen
Karriere  Noreg
Eigar: Ukjent eigar
Sett i teneste: 2001
Karriere  Island
Namn: «Isafold»
Eigar: Utgerdafelagid Kristin EHF, Isafjördur
Sett i teneste: 2004
Karriere  Senegal
Eigar: Ukjend
Sett i teneste: 2007
Heimehamn: Dakar

MS «Tedno» er ein snøggbåt og katamaran levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal i juni 1973 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Båten var i fart for HSD fram til 1992, og i november dette året fekk han namnet «Tedno I».

I januar 1996 vart båten omdøypt «Hardangerfjord» og gjekk ei tid i turistruta Bergen-Rosendal-Jondal-Norheimsund. Båten vart seld til Mørecruise i juni 1999 og vidare til ukjende eigarar den 23. august 2001.

15. januar 2004 vart båten seld til Utgerdafelagid Kristin EHF i IsafjördurIsland og fekk namnet «Isafold» 21. mai 2007 vart han seld vidare til ukjende eigarar i Dakar i Senegal. I 2011 var båten framleis i fart.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre