MS «Tedno» (1992)
M/S «Tedno» i rute Bergen-Sunnhordland, april 2002. Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Tedno» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Harding Verft i Rosendal |
Verftsnummer: | 263 |
Sjøsett: | 1992 |
Teke ut av teneste: | 2007 |
Heimehamn: | Haugesund |
Kjennemerke: | LGDI |
IMO-nummer: | 9053701 |
Generelle mål | |
Type: | Snøggbåt |
Tonnasje: | 269 bruttotonnregister, 89 nrt |
Lengd: | 29,00 m |
Breidd: | 8,00 m |
Djupgang: | 1,41 m |
Installert effekt : | 3467 bhk |
Framdrift: | 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen) |
Fart: | 33 knop |
Passasjerar: | 173 passasjerar |
Karriere | Tyrkia |
Namn: | MS «Osman Hamid Bey» |
Eigar: | Altinnal Turizm Istelmecilik ve Yatirim AS |
Kjøpt: | Februar 2007 |
Heimehamn: | Izmit/Istanbul |
MS «Tedno», i dag «Osman Hamid Bey», er ein snøggbåt levert frå Harding Verft i Rosendal i desember 1992 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Båten gjekk i ruta Bergen-Sunnhordland, og Bergen-Ølen. Frå 27. august til 10. september 1999 gjekk ho i Haugesundsruta (Stavanger-Haugesund) for MS «Tjelden». 23. september 1999 assisterte ho «Tjelden» i Bømlafjorden etter eit motorstopp. 26. juli 2000 kræsja båten i låg fart i kaien ved Rubbestadneset. Det vart berre små skadar, og båten var tilbake i rute dagen etter. 8. august 2000 grunnstøtte båten ved Flesland kai og fekk skadar i begge skroga. Båten måtte innom verkstad, men var attende i rute alt 11. august. 24. august 2003 fekk båten motorproblem på veg nordover, som ein del av Flaggruten med 90 passasjerar ombord. Båten gjekk til Rubbestadneset for eigen motor og MS «Baronessa» tok passasjerane vidare til Bergen.
Båten vart seld til Altinnal Turizm Istelmecilik ve Yatirim AS i Tyrkia i februar 2007. Per oktober 2014 er båten framleis i fart.
Kjelder
endre- Skipet.no
- Norsk hurtigbåthistorie Arkivert 2014-10-29 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «MS «Tedno» (1992)» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2014.