MS «Trollfjord»
MS «Trollfjord» er eit skip i Hurtigruten ASA, og seglar for Hurtigruta langs norskekysten mellom Bergen og Kirkenes. Skipet vart bygd i 2002, og er systerskipet til den eit år yngre MS «Midnatsol». MS «Trollfjord» er sertifisert for 822 passasjerar i passasjertrafikk, og 652 passasjerar i cruisetrafikk.
MS «Trollfjord» | ||||
---|---|---|---|---|
Hurtigruteskipet MS «Trollfjord» i Molde. | ||||
Karriere i Noreg
|
||||
Type: | Hurtigruteskip | |||
Eigar: |
2002-2006: TFDS 2006- : Hurtigruten ASA | |||
Registreringshamn: | Tromsø | |||
Verft: | Fosen mekaniske Verksteder, Rissa | |||
Byggjenummer: | 72 | |||
Sjøsett: | 10. oktober 2001 | |||
Døypt: | 13. mai 2002 | |||
Sett i teneste: | 2002 | |||
Jomfrutur: | 18. mai 2002 | |||
Kallenamn: | LLVT | |||
Status: | I hurtigruten | |||
Identifisering: | IMO-nummer: 9233258 | |||
Generelle eigenskapar | ||||
Tonnasje: | 16 140 tonn | |||
Daudvekt: | 1 180 tonn | |||
Lengd: | 135,75 m | |||
Dekkbreidde: | 21,5 m | |||
Djupgang: | 5,1 m | |||
Motor: | 2 stk. Wartsila W 9L 32 dieselmotorar | |||
Driftseffekt: | 2 x 5 630 bhk | |||
Fart: | 18 knop | |||
Passasjerar: | 822 | |||
Bilar: | 45 | |||
Mannskap: | 74 |
Ulukker
endreLaurdag 9. april 2011, då skipet låg til kai i Tromsø, fall ei 70 år gammal kvinne ned heile gangbrua mot kaia. Ho blei frakta medvitslaus til sjukehus og døydde nokre dagar seinare. Dette var den første slike dødsulukka i historia til Hurtigruten,.[1]
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ Kari Stokke Nilsen (15. april 2011). «Døde etter å ha falt ned gangbrua». NRK.
Bakgrunnsstoff
endre- Hurtigruten pusser opp skip for over en milliard kroner. 19. august 2019. E24