MS «Draupner» (1989)

(Omdirigert frå MS Draupner (1989))

MS «Draupner» i Bergen i 1993.
Karriere  Noreg
Namn: MS «Draupner»
Eigar: P/R Flaggruten ANS / v. DSD
Verft: A/S Fjellstrand i Omastrand
Verftsnummer: 1590
Sjøsett: 1989
Heimehamn: Stavanger
Kjennemerke: LARO
IMO-nummer: 8816065
Generelle mål
Type: Snøggbåt
Tonnasje: 430 bruttotonnregister, 138 nrt
Lengd: 38,82 m
Breidd: 9,44 m
Djupgang: 3,91 m
Installert effekt : 5548 bhk
Framdrift: 2x 16cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 37 knop
Passasjerar: 243 passasjerar
Karriere  Noreg
Namn: MS «Tyrving» (etter 1993)
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: August 1992
Teke ut av teneste: 2002
Heimehamn: Haugesund
Karriere  Taiwan
Namn: «Superstar»
Eigar: Evertrust Fast Ferry Co. Ltd.
Kjøpt: 14. oktober 2002
Heimehamn: Hualien/Kaohsiung

MS «Draupner», seinare MS «Tyrving» i dag «Superstar», er ein snøggbåt levert frå A/S Fjellstrand i Omastrand i mai 1989 til Flaggruten ved Det Stavangerske Dampskibsselskab. Som ein del av Flaggruten gjekk båten i rute mellom Stavanger og Bergen. I 1992 var båten kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD), og han fekk i mars 1993 namnet «Tyrving». I 1996 vart båten utleigd til Tyskland.

I august 1999 vart båten lagt i opplag som reserveskip til Flaggruten. 27. november 1999 vart han sett inn i Flaggruten att og under den første turen over Sletta etter Sleipnerforliset 9. desember 1999 var det eitt minutts stille ved ulukkesstaden.

14. oktober 2002 vart båten selt til Evertrust Fast Ferry Co. Ltd. på Taiwan og han fekk namnet «Superstar».

I 2011 er båten framleis i fart.

Kjelder

endre