Machu Picchu-basen
Machu Picchu-basen er ein peruansk forskingsstasjon i Antarktis, oppretta for å drive forsking i Antarktis på geologi, klimatologi og biologi. Meir spesifikt er hovudmålet å studere den geologiske fortida til kontinentet, potensielle sjøressursar, vindstyrkar, luftforureining og korleis dyr tilpassar seg kalde miljø. Basen er kalla opp etter den kjende verdsarvstaden Machu Picchu.
Machu Picchu-basen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | King George Island | ||
- koordinatar | 62°05′29″S 58°28′16″W / 62.09139°S 58.47111°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Machu Picchu-basen 62°05′29″S 58°28′16″W / 62.0914°S 58.4711°W | |||
Wikimedia Commons: Machu Picchu Base |
Machu Picchu-basen ligg på King George Island i Admiralty Bay, og utfører årlege forskingsekspedisjonar til Antarktis. Basen forskar mellom anna på krill og potensialet dette har som ei alternativ matkjelde for menneske.
I 1976 gjorde Geographical Society of Lima krav på ein sektor i Antarktis mellom lengdegradane 81°20' W (svarar til Punta Pariñas) og 75°40' W (svarar til Rinconada South Beach). Kravet har aldri blitt offisielt anerkjent som eit kravområde i Antarktis. Peru signerte på Antarktistraktaten i 1981[1]. I 1989, då Machu Picchu-basen vart skipa, fekk lander status som rådgjevande medlem i Antarktistraktaten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Machu Picchu-basen» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ La Antártida Abril-Mayo de 2005. Tercera Línea, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 16. mars 2014
Bakgrunnsstoff
endre- (spansk) Official website INANPE Instituto Antàrtico Peruano
- COMNAP Antarktis Facilities Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.
- COMNAP Antarktis Facilities Map Arkivert 2011-02-20 ved Wayback Machine.