Madden-Julian-oscillasjon

Madden-Julian oscillasjonen (MJO) er ein nedbørsanomali på planetær skala som forplantar seg langs ekvatorområdet.

5-dagars løpande middel av MJO. Merk korleis han forplantar seg austover med tida.

MJO er karakterisert ved ein austleg forplanting av store område med både auka og minka tropisk nedbør. Hovusakleg skjer dette over Indiahavet og Stillehavet. Det unormale nedbørsmønsteret merkar ein først over vestlege delar av Indiahavet, før det forplantar seg over det varme vatnet i vestlege og sentrale område av det tropiske Stillehavet. Mønsteret ser derimot ut til å forsvinne når det flyttar seg over dei kjøligare havmassane i det austlege Stillehavet, men dukkar så opp igjen i tropiske område av Atlanterhavet og tilbake til Indiahavet. Ein våt fase med forsterka konveksjon og auka nedbør er etterfylgd av ein tørr fase der konveksjonen vert svekt. Kvar syklus varer om lag 30-60 dagar, og på grunn av det er MJO òg kalla «30-60 dagarsoscillasjonen», «30-60 dagarsbølgja» eller «intraperiodisk oscillasjon».

Atmosfærisk mønster endre

Ein har særskilde straummønster i både høgare og lågare delar av troposfæren i samband med MJO-mønsteret. Desse sirkulasjonane strekker seg rundt heile kloden og er ikkje berre avgrensa til den austlege halvkula.

MJO varierer mykje frå år til år, og ein kan ha lange periodar med stor aktivitet etterfylgd av år med svake svingingar. Denne variasjonen er kopla opp til El Niño-syklusen (ENSO). I Stillehavet har ein ofte kraftig MJO-aktivitet 6-12 månader før El Niño er på sitt kraftigaste, medan MJO-aktiviteten er liten under La Niña-åra. Langs resten av ekvator er det interne dynamiske forhold i atmosfæren som virkar inn på den årlege variasjonen av MJO.

MJO-effekten påverkar monsunen både i India og Nord-Amerika, men i mykje mindre grad i Nord-Amerika.

Påverknad på tropiske syklonar endre

MJO-fasen kan vere ein svært viktig faktor for utvikling av tropiske stormar i Nord-Stillehavet og Nord-Atlanteren. Til dømes gjev stigande rørsler i samband med MJO dårlege vilkår for å få danna tropiske stormar, medan søkkande luftrørsler gjev gode vilkår. I USA vert MJO tett overvaka for at ein skal kunne få eit bilete av korleis orkansesongen vil utvikle seg.

Sjølv om tropiske syklonar oppstår i den varme sesongen (vanlegvis mai-november) på nordlege halvkule i både Stillehavet og Atlanterhavet, har ein store variasjonar i aktiviteten kvart år. Ein har funne spor av at MJO styrer denne aktiviteten (særleg for dei kraftigaste syklonane). Når MJO går austover vil og området som er best egna for å utvikle tropiske syklonar flytte seg austover frå det vestlege Stillehavet til det austlege Stillehavet og til slutt Atlanterhavet. Sjølv om det er ein klar samanheng her, er det fleire faktorar enn MJO som skal til for å få danna tropiske syklonar. Til dømes må havoverflatetemperaturen vere høg nok og det vertikale vindskjeret svakt.