Magdalenaeufonia

art av sporvefuglar

Magdalenaeufonia (Euphonia concinna) er ein eufonia, ein fugl i ei biologisk slekt som normalt er klassifisert i finkefamilien. Arten er endemisk for Colombia med leveområde i Magdalenadalen.

Magdalenaeufonia
Illustrasjon av Joseph Smit, 1886
Illustrasjon av Joseph Smit, 1886
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Magdalenaeufonia
Utbreiinga av Magdalenaeufonia
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Eufoniaer Euphonia
Art: Magdalenaeufonia E. concinna
Vitskapleg namn
Euphonia concinna

Skildring

endre

Dette er ein liten eufonia, ca. 9 centimeter og kroppsvekt på rundt 10 gram. Fjørdrakta er typisk for slekta, og viser sterk kjønnsdimorfisme: hannen har mørkblå overside med lilla skjer, djupgul underside og panneflekk. Hannen hos denne arten har dessutan blå strupe og øvre del av brystet og eit karakteristisk svart band rett over nebbrota. Hofuglen er lys olivengrøn på oversida og har skittengul underside. Magdalenaeufoniaer lever i område med open eller halvopen skog, gjerne nær rennande vatn og på dyrka område med trevekst, frå 200 til 1800 moh.[1] Her lever dei av frukt og bær, ofte frå misteltein.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande, men er klassifisert som livskraftig.[2]

Kjelder

endre
Referansar
  1. Hilty, 2011
  2. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Magdalenaeufonia