Magdalenahalvøya

Magdalenahalvøya er ei 28 hektar[1] stor halvøy nær utløpet til Santanderbukta ved byen Santander i Cantabria på nordkysten av Spania.

Magdalenahalvøya ligg i Santander i Cantabria i Spania.

Halvøya er eit populært rekreasjonsområde for både turistar og dei lokale innbyggjarane. Det historiske Palacio de la Magdalena ligg på halvøya med dei omliggande hagane og er ein kulturarvstad.[2] Her finst òg ein liten dyrehage, tre av gallionane til den kantabriske sjømannen Vital Alsar Ramírez og to strender.[2]

Kjelder

endre
  1. «El Palacio de la Magdalena». Ayuntamiento de Santander. 2002. Arkivert frå originalen 1. mars 2009. Henta 20. september 2009. 
  2. 2,0 2,1 «What to do in Santander, Spania». Tour Spania Travel Guides. Henta February 9, 2009. [daud lenkje]

43°28′9″N 3°45′58″W / 43.46917°N 3.76611°W / 43.46917; -3.76611