Santanderbukta
Santanderbukta er både ein comarca i Cantabria og det største estuaret på nordkysten av Spania, med eit areal på 22,42 km², ei lengd på 9 km og ei breidde på 5 km. Sidan byen Santander og storbyområdet til byen[1] ligg ved bukta, bur nesten halvparten av folkesetnaden i regionen rundt bukta.[2] Den menneskelege påverknaden på bukta er derfor stor.
Ved munningen av bukta ligg Sardinero-strendene og Mouroøya med eit fyr. Innløpet til den indre delen av bukta er mellom Magdalenahalvøya og sandbankane på El Puntal, ei lang rekkje strender og sanddyner som vernar dei indre områda av bukta.
Store myrområde rundt bukta er drenerte og i dag nytta som grassletter, hamneområdet i Santander og nye industri- og bustadområde.
Elvar og riaer
endreFleire elvar munnar ut i Santanderbukta. Dei viktigaste av desse er Solia, San Salvador, Astillero, Ria del Carmen, Ria del Roas, Ria de Cubas og Miera.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bay of Santander» frå Wikipedia på engelsk, den 26. september 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ El Diario Montañés El área de la bahía estará integrada por nueve ayuntamientos según la Universidad de Cantabria
- ↑ El Diario Montañés El 50 por ciento de la población