Mageolje er ei lett olje sett saman av nøytrale lipidar som finst i proventriculus (fortarmen) til fuglar i den biologiske ordenen stormfuglar (Procellariiformes). Alle albatrossar, lirer, petrellar, oseansvaler og stormsvaler produserer slik olje. Det er berre dukkpetrellar blant stormfuglane som ikkje gjer det.

Den kjemiske samansetninga av mageolje varierer frå art til art og mellom individa, men inneheld nesten alltid både voks-estarar og triglyseridar. Andre komponentar som finst i mageolje inkluderer eterar, pristan og squalen. Mageolje har låg viskositet og vil stivne til ein hard voks viss han får kjølast ned.

Olja oppstår som restar frå fordøyingsprosessen, etter byttedyr som kril, blekksprut, hoppekreps og fisk. Ein trur ho tener fleire føremål for stormfuglane, først og fremst som eit energilager; på grunn av høg brennverdi, rundt 40 MJ/kg, som berre er litt lågare enn verdien for dieselolje. Av denne grunn kan mykje meir energi lagrast i oljeform i motsetning til ufordøyd byttedyr. Dette kan vere eit reellt føremon for artar som reiser over store avstandar for å hente føda til ungen, eller som eit lager for magre tider når dei flyg lange strekk over havet på søk etter flekkvise område med tilgang på føde.

Overflatehekkande petrellar og albatrossar kan kaste denne olja ut gjennom nebbet mot predatorar som åtakar. Olja kan vere dødeleg for fuglar, då ho kan skade fjørene som fører til tap av flukt eller vassavstøytande evne. Mot truande pattedyr (inkludert menneske) er det ikkje direkte farleg, men på grunn av sin ekstremt fråstøytande lukt vil ho øydeleggje jaktsuksessen til eit rovdyr i ganske lang tid. Lukta av den hydrofobe olja kan ikkje fjernast med vatn, og kan halde seg, t.d. på klede, i månader eller år.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mageolje