Magic and Loss
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve 14. januar 1992
Innspelt April 1–27, 1991
Studio The Magic Shop, New York City
Sjanger Rock
Lengd 58:27
Selskap Sire
Produsent Lou Reed, Mike Rathke
Lou Reed-kronologi 
Songs for Drella
(1990)
Magic and Loss Between Thought and Expression: The Lou Reed Anthology
(1992)


Magic and Loss er det sekstande studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i januar 1992 på Sire Records. Det var eit konseptalbum og den høgaste plasseringa eit Lou Reed-album klarte på UK Albums Chart, då det nådde sjetteplassen.[1]

Bakgrunn

endre

Magic and Loss var opphavleg tenkt å hovudsakleg handle om tema kring magi etter at Reed høyrde soger om magikarar i Mexico. Under låtskrivinga mista Reed to gode vener og Reed utvida fokuset til òg å handle om tap og død.[2] Magic and Loss var delvis inspirert av sjukdom og død hos to nære vener: låtskrivaren Doc Pomus, som hjelpte Reed inn i musikkbransjen 25 år tidlegare,[3] og «Rita», som truleg var Rotten Rita, ein person som høyrte til miljøet kring Andy Warhol på midten av 1960-åra.[4] Fotografi av Pomus og eit kvinneandlet dekkjer midten av tekstheftet som følgde CD-utgjevinga.[5]

Jazzsongaren Little Jimmy Scott syng korvokal på song tre, «Power and Glory». Ei konsertframføring av albumet vart filma den 18. mars 1992 i Pinewood Studios i London og dette vart gjeven ut på VHS og LaserDisc.[6]

Singelen «What's Good»/«The Thesis» kom ut i mars og vart den andre singelen til Reed (etter «Dirty Blvd.») som gjekk til topps på Billboard Modern Rock Tracks-lista,[7] og låg på toppen i tre veker. 12"-versjonen av singelen inneheld Reed som les «Harry's Circumcision» og «A Dream». Ein lengre versjon av «What's Good» kom ut tidlegare på filmmusikkalbumet til Wim Wenders-filmen Until the End of the World i 1991.[8]

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [9]
Chicago Tribune    [10]
Encyclopedia of Popular Music     [11]
Entertainment WeeklyB−[12]
NME10/10[13]
Orlando Sentinel     [14]
Q     [15]
Rolling Stone-     [16]
The Rolling Stone Album Guide     [17]
Select5/5[18]

Magic and Loss vart stemt fram som det 16. beste albumet det året i den årlege Pazz & Jop-kåringa blant kritikarar, publisert i The Village Voice for 1992. Robert Christgau, som skapte undersøkinga, kritiserte at så mange stemte på albumet sidan han meinte det var eit «mislykka konsept» øydelagd av at Reed hadde eit uinteressant syn på døden.[19] Christgau gav albumet karakteren «verken eller» i si eiga melding, og indikerte at albumet ikkje fristar til gjentekne lyttaringar trass i at det hang saman og hadde eit eller to høgdepunkt.[20] I ei positiv melding skreiv Greg Kot i Chicago Tribune at albumet sner «ein stor rockar på sitt mektigaste: Slåande melodiar, gripande tekstar, ærlege kjensler strippa for melodrama.»[10]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Lou Reed, bortsett frå der anna er nemnd.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dorita - The Spirit» 1:07
2.«What's Good - The Thesis» 3:22
3.«Power and Glory - The Situation»Lou Reed, Mike Rathke4:23
4.«Magician - Internally» 6:23
5.«Sword of Damocles - Externally» 3:42
6.«Goodby Mass - In a Chapel Bodily Termination» 4:25
7.«Cremation - Ashes to Ashes» 2:54
8.«Dreamin' - Escape»Reed, Rathke5:07
9.«No Chance - Regret» 3:15
10.«Warrior King - Revenge» 4:27
11.«Harry's Circumcision - Reverie Gone Astray» 5:28
12.«Gassed and Stoked - Loss»Reed, Rathke4:18
13.«Power and Glory, Part II - Magic - Transformation»Reed, Rathke2:57
14.«The Summation»Reed, Rathke6:39

Medverkande

endre


Salslister

endre
Liste (1994) Plassering
Australia (ARIA Charts)[21] 56
Nederland 10

Kjelder

endre
  1. «The Official Charts Company - Lou Reed - Magic and loss». The Official Charts Company. DistantStar. Henta 9. april 2022. 
  2. Reed, Lou (9. desember 2008). Pass Thru Fire: The Collected Lyrics. Cambridge, Massachusetts: Da Capo Press. s. XXIII. ISBN 978-0-306-81630-7. 
  3. «World Cafe Remembers Lou Reed». NPR. 29. oktober 2013. Henta 9. april 2022. 
  4. Greenman, Ben (28. oktober 2013). «A Clipper Ship of Lou Reed Songs». The New Yorker. Condé Nast. Henta 9. april 2022. 
  5. Magic and Loss (CD Booklet). Los Angeles: Sire Records. 1992. 
  6. «Lou Reed – La Edad de Oro (Pignon-095)». Collectors Music Reviews. 18. oktober 2011. Henta 2. mars 2014. 
  7. Molanphy, Chris (1. november 2013). «Embrace and Repel: Lou Reed's Chart History». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 8. mars 2014. Henta 2. mars 2014. 
  8. DiGravina, Tim. «Until the End of the World - Original Soundtrack». AllMusic. All Media Network. Henta 2. mars 2014. 
  9. Deming, Mark. «Magic and Loss – Lou Reed». AllMusic. Henta 28. mars 2022. 
  10. 10,0 10,1 Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-breaking Music». Chicago Tribune. Henta 28. mars 2022. 
  11. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  12. Zacharek, Stephanie (17. januar 1992). «Magic and Loss». Entertainment Weekly (New York). Henta 28. mars 2022. 
  13. Barker, Emily. «21 1990s Albums NME Has Given 10/10». NME (London). Henta 28. mars 2022. 
  14. Gettelman, Parry (24. januar 1992). «Lou Reed». Orlando Sentinel. Arkivert frå originalen 7. april 2017. Henta 7. april 2017. 
  15. «Lou Reed: Magic and Loss». Q (London) (65): 87. February 1992. 
  16. Fricke, David (23. januar 1992). «Lou Reed: Magic And Loss». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 3. mai 2009. Henta 31. mars 2022. 
  17. Hull, Tom (2004). «Lou Reed». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 684–85. ISBN 0-7432-0169-8. 
  18. Cavanagh, David (February 1992). «Lou Reed: Magic and Loss». Select (London) (20): 66. 
  19. Christgau, Robert (2. mars 1993). «Pazz & Jop 1992: Between a Rock and a Hard Place». The Village Voice (New York). Henta 28. mars 2022. 
  20. Christgau, Robert (2000). Christgau's Consumer Guide: Albums of the '90s. Macmillan. s. xvi, 264. ISBN 0-312-24560-2. Henta 28. mars 2022. 
  21. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010 (pdf utg.). Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing.