Magick Brother
Studioalbum av Gong
Utgjeve Mars 1970
Innspelt September og oktober 1969
Studio Studio ETA og Studio Europa Sonor i Paris
Sjanger Psykedelisk rock, psykedelisk pop[1]
Lengd 43:52
Selskap BYG Actuel
Produsent Jean Georgakarakos, Jean-Luc Young
Gong-kronologi
Magick Brother Camembert Electrique
(1971)


Magick Brother er debutalbumet til den progressive rockegruppa Gong, spelt inn i Paris i september og oktober 1969 og gjeve ut i mars 1970 på det franske selskapet BYG Actuel.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Bandet hadde nyleg fått inn bassisten Christian Tritsch, men han kom ikkje inn i tide til å spele på albumet, så songaren, låtskrivaren og gitaristen Daevid Allen spelte bassgitar sjølv. Eit bilete av Allen som spelar bass for albumet er på plateomslaget. Dei nytta seg òg av jazzkontrabassisten Earl Freeman og Barre Phillips, som spelte inn musikk for selskapet på same tid, på tre spor.[2] Dieter Gewissler, som stundom spelte med Gong på denne tida og som normalt spelte fiolin, bidrog òg med noko «fri» kontrabass med boge på to spor. Plateomslaget vart trykt før den endelege rekkjefølgja på songane og titlane deira vart avgjort, så songane «Rational Anthem» (òg kjend som «Change the World») og «Glad To Sad To Say» vart oppførte feil.[3]

Kort tid etter albumet kom ut, heldt bandet den første konserten sin på BYG Actuel-festivalen i den vesle byen Amougies i Belgia den 27. oktober 1969, introdusert på scenen av Frank Zappa.[4]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Daevid Allen, men òg tilskriven kjærasten Gilli Smyth av rettslege årsaker.[5]

Produsert av Jean Georgakarakos og Jean Luc Young.

Side ein (early morning)
Nr.TittelLengd
1.«Mystic Sister»1:32
2.«Magick Brother»4:44
3.«Rational Anthem (Change the World)» (feilaktig oppført som «Glad To Sad To say»)3:43
4.«Glad To Sad To Say» (feilaktig oppført som «Rational Anthem»)4:09
5.«Chainstore Chant»1:13
6.«Pretty Miss Titty»4:06
7.«Fredfish / Hope You Feel OK» («Fredfish» oppført på plateetiketten, men ikkje på omslaget)4:33
Side to (late night)
Nr.TittelLengd
8.«Ego»3:57
9.«Gong Song»4:11
10.«Princess Dreaming»2:56
11.«5 & 20 Schoolgirls»4:30
12.«Cos You Got Green Hair»5:05
Total lengd:43:52

Versjoen på CD har ei anna gruppering av spora og andre lengder:

Nr.TittelLengd
1.«Mystic Sister, Magick Brother»5:54
2.«Rational Anthem»4:08
3.«Glad To Say To Say»3:45
4.«Chainstore Chant & Pretty Miss Titty»4:49
5.«Fable Of A Fredfish & Hope You Feel O.K.»4:43
6.«Ego»3:58
7.«Gong Song»4:12
8.«Princess Dreaming»2:56
9.«Five & Twenty Schoolgirls»4:30
10.«Cos You Got Green Hair»5:05
Total lengd:44:00

MedverkandeEndra

Andre medverkande
  • Barre Phillips – kontrabass på 4 & 10
  • Earl Freeman – kontrabass på 8, piano på 9
  • Burton Greene – piano på 8
  • Dieter Gewissler – kontrabass med boge på 2 & 9
  • Tasmin Smyth (dotter til Gilli) – røyst på 1 & 10

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Allmusic ((( Magick Brother > Overview )))». Allmusic. Henta 16. november 2019. 
  2. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 14.
  3. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 19.
  4. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 31.
  5. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 20.