Magnar Sætre

norsk politikar

Magnar Sætre (12. november 19405. desember 2002) var ein typograf og politikar, fødd i Bergen, som representerte Rogaland og ArbeidarpartietStortinget frå 1989 til 1997.

Magnar Sætre
Fødd12. november 1940
Død5. desember 2002 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Sætre var utdanna typograf og arbeidde i eit par firma før han fekk jobb i Haugesunds Avis i 1968. Han engasjerte seg i lokalpolitikken, representerte Arbeidarpartiet i Haugesund bystyre 1971-75 og var formann i Haugesund Arbeidarparti 1972-74, seinare også 1985-87. Hausten 1975 vart han vald inn i Rogaland fylkesting og hadde plass i dette organet til han i 1989 fekk plass på Stortinget. I sine år på fylkestinget var han 1980-88 styreleiar for Rogaland psykiatriske sjukehus, og deretter i eitt år leiar av Sektorstyret for somatiske sjukehus. 1987-89 leidde han Likestillingsutvalet i Rogaland.

Som vararepresentant for Arbeidarpartiet og Rogaland til Stortinget i valbolken 1985-89 møtte Sætre på Tinget eit par gongar. Frå 1989 hadde han fast sete på Stortinget og vart attvald i 1993. I den fyrste perioden var han medlem av Forbrukar- og administrasjonskomitéen, medan han i den andre var medlem av Samferdselskomitéen og av Valkomitéen.

Kjelder endre