Maja Hilma Dunfjeld (fødd 20. mars 1947) er ein sørsamisk forskar og rettleiar innan duedtie – tradisjonell samisk brukskunst.

Maja Dunfjeld

Fødd20. mars 1947
Namdalen
NasjonalitetNoreg
Yrkekunsthistorikar
Alma materUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Dunfjeld er fødd i Namdalen og busett i Harran. Ho er dotter av duedtie-kunstneren Lars Dunfjeld og syster av juristen Leif Dunfjeld.

Maja Dunfjeld er utdanna formingslærar ved Statens lærerhøgskole i forming, Oslo, der ho blei den første i landet som tok hovudfag i samisk brukskunst i 1989.[1] I 2001 tok ho doktorgrad i kunsthistorie ved Universitetet i Tromsø.[2]

Dunfjeld har mellom anna arbeidd som lærar ved Snåsa ungdomsskole, konsulent i duedtie for dei sørsamiske områda frå 1980,[3][4][5][6] fyrsteamanuensis ved Samisk høgskole[7][8] og dagleg leiar ved Duodjeinstituhtta (utviklingssenter for samisk handverk). Den siste tida som yrkesaktiv var ho dagleg leiar ved Sijti Jarnge i Hattfjelldal.

I doktoravhandlinga studerte ho fire gjenstandsgrupper: hornskeier (tjåerviebuste), vandringsstavar (klaahka), mjølkebollar (naehpie) og bringeklede (boengeskuvmie) til gåptoe, samedrakten. Utgangspunktet hennar er at samisk utsmykkingskunst er både praktisk, estetisk og kommunikativ. Ornamentikken spegler ein holistisk samisk religion «hvor bissie, det hellige, er en del av hverdagen og gjennomstrømmer hele tilærelsen.»[2][9][10][11] Dunfjeld har også skrive om sørsamisk visuell kultur i det trønderske kunsthistorieverket Se Trøndelag![12]

Kjelder endre

  1. «Først i landet med hovedfag i samisk duodji». Trønder-Avisa; 11.11.1989
  2. 2,0 2,1 Doktoravhandlingen er bearbeidet og utgitt i bokform: Maja Dunfjeld. Tjaalehtjimmie, form og innhold i sørsamisk ornamentikk. Utgitt av Saemien Sijte, 2006. ISBN 82-993781-6-8
  3. Liv Marit Idsø. «Fin ambassadør for sør-samisk håndverk». Trønder-Avisa; 31.12.1983
  4. Maja Dunfjeld Aagård. «Konsulentvirksomhet og duodji i de sørsamiske områdene». I: Ottar; nr 165 (1987)
  5. Maja Dunfjeld Aagård. «Tinntrådarbeid : en samisk spesialitet». I: Ottar; nr 201 (2000)
  6. «Duodji som livsform». Trønder-Avisa; 26.5.1990
  7. «Duoji arvvut (duodji - materielle og immaterielle verdier) (stud.stip) - Prosjektbanken», Prosjektbanken - Forskningsrådet (på engelsk), henta 9. februar 2024 
  8. «Om styrking av samisk språk og identitet med vekt på Helgeland og Västerbotten Rapport fra seminar i Hattfjelldal 26. – 27.januar 2006» (PDF) (på norsk). Høgskolen i Nesna. Henta 9. februar 2023.  line feed character in |tittel= at position 45 (hjelp)
  9. Maja Dunfjeld Aagård. «Tjaalehtjimmie : sørsamisk ornamentikk som kommunikasjon og estetisk uttrykk». I: Spor; nr 1, 1991 (pdf)
  10. Maja Dunfjeld Aagård. «Sola eller Saraahka : symboler og innhold på sørsamiske bringekleder». I: Åarjel-saemieh; nr 5 (1995)
  11. Maja Dunfjeld. «Samisk visuell kultur i forhold til personlig og sosialt kjønn». I: Åarjel-saemieh; nr 9 (2007)
  12. Maja Dunfjeld. «Sørsamisk visuell kultur». I: Se Trøndelag! : kunst og visuell kultur i midten av Norge. Bind 2: Hitsendt og heimeavla. Tapir forlag, 2011. ISBN 978-82-519-2618-8

Bibliografi endre

  • Dunfjeld, Maja (2001). Tjaalehtjimmie. Institutt for kunsthistorie, Universitetet i Tromsø.