Samisk religion før kristendommen var ein naturreligion og bestod av fleire gudar. Dei trudde på ander og at naturen var besjela.

Ein noaidi, ein samisk sjaman med si runebomme. Koparstikk ved G. von Loder i Firenze etter «levande teikningar» av presten og språkforskaren Knud Leem, 1767.

Gudar og makter endre

I nokre av 1700-talframstillingane av samisk religion vert den samiske gudeverda delt inn i fire grupper, basert på kva for eit rike dei heldt til i. Underjordiske gudar, gudar som heldt til på jorda, himmelske gudar, og overhimmelske gudar.

Solguden Beaivi var den sentrale guden i samisk religion og skaparguden Ipmils son. Ordet «Ipmil» vert òg brukt om den kristne guden av kristne samar. Andre store gudar i samisk religion var allfader-guden Dearpmis og toreguden Horagállis. Denne guden var ein himmelsk gud, og var vêrguden, vass- og havguden og guden over liva til menneska og ansvarleg for den gode helsa deira.

Religiøs praksis endre

Sjamanen, eller noaiden, som det heiter på samisk, var ein samsik prest. Han skulle ha ein spesiell kontakt med andeverda. Han greidde å setja seg sjølv i ein slag transe, eller ein djup meditasjon for å spå framtida eller heila sjukdom. Den viktigaste reiskapen til sjamanen var runebomma (ei slag tromme laga hovudsakleg av reinskinn, tre og bein). Denne var ein veldig viktig gjenstand i den førkristne samiske religionen. Runebomma var dekorert med teikningar som forestilte legender og segn, og dei kunne og forestille samiske gudar. Mange runebommer viser òg bilete av jomfru Maria, Gud, Den heilage anden og Jesus Kristus, dette som følgje av kristningen på byrjinga av 1800-talet.

Kjelder til samisk religion endre

Blant dei viktigaste eldre skriftlege kjeldene til samisk religion er «Nærøymanuskriptet» av presten Johan Randulf, og misjonsprest Thomas von Westen sine notatar. Von Westen arbeidde med fornorsking av samane, og både Randulf og hans notatar må sjåast i ljos av dette. Isaac Olsen (1680-1739) samarbeidde med von Westen, og skreiv ein Relation om lappernes vildfarelser og overtro, som vart trykt i 1910.[1]

Andre kjelder er eldre mellomalderskrifter, rettsprotokollar frå 1600-talet og folkloristiske studiar.[2][3] Arkeologiske kjelder kan òg gje informasjon om kultstadar og offerpraksis.[4]

Kjelder endre

  1. Roald E. Kristiansen.
  2. Roald E. Kristiansen.
  3. Sagn og eventyr Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine., fra nettutstilling hos Varanger Samiske Museum.
  4. Arkeologiske kilder Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine., frå nettutstilling hos Varanger Samiske Museum.

Bakgrunnsstoff endre