Majestetskrenking

Majestetbrot eller majestetskrenking er eit brotsverk utført mot eit statsoverhovud eller kongehus.[1] Det kan ha form av ei ytring eller ei handling. Brotsverket er kjend frå Roma i antikken og fram til moderne tid, men er blitt avskaffa i mange konstitusjonelle monarki.

John Bull, ein britisk nationspersonifikasjon, fis konge Georg III i andletet i ein karikatur av Richard Newton frå 1798.

Innan kyrkjerett blei majestestbrot, med støtte frå pave Innocentius III, sett på som kjetteri, ettersom gjerningen var retta mot Gud. Den tyske keisaren Fredrik II gjorde i 1238 straffa for brotsverket til brenning på bål. Etter dette kom straffa til å inngå i den såkalla keisarretten, og fekk stor speiing i Europa.

Noreg endre

Ifølgje Christian 5s Norske Lov 1687 skulle ein som var skuldig i brot mot kongen si «Ære, Liv og Gods, den højre Haand af hannem levendis afhuggis, Kroppen parteris og læggis paa Stægle og Hjul, og Hovedet med Haanden sættis paa en Stage». Kongen hadde også ei særstilling etter straffeloven av 1902. Med straffeloven av 2005 blei majestetskrenking ikkje eit eige brotsverk, og monarken er verna mot brotsverk på samle linje som andre borgarar.[2]

I Sverige endre

 
Majestetbrot i 1864 års straffelov.

Omgrepet majestätsbrott blei innført i Sverige gjennom 1864 års strafflag. Brotsverket blei avskaffa 1948.

Brotsverk mot kongen kunne reknast som majestetsbrot eller høgforræderi. Mordforsøk på eit statsoverhovud skulle reknast som høgforræderi, men andre åtak som fornærming eller ærekrenking av statsoverhovudet skulle reknast som majestetbrot. Alle former for vald eller mishandling mot ein kongeleg person førte til dødstraff eller straffearbeid på livstid. Det var reservert kongen sjølv å døma i saka, statsadvokaten fekk ikkje reisa påtale om ikkje eit kungsdrap hadde funne stad.

I Thailand endre

Thailand si moderne lovgjeving mot majestetsbrot er ein av dei strengaste i verda. Ein som ytrar seg nedsetjande om monarken risikerer å bli dømt til fengsel i opptil 15 år. I januar 2010 blei den australske forfattaren Harry Nicolaides dømt til tre års fengsel for å i ha håna kong Bhumibol i ein roman. Dommaren gav som grunn for dommen at Nicolaides hadde skildra privatlivet til ein fiktiv prins i romanen, og gjeve inntrykk av at den kongelege makta blei misbrukt i Thailand.[3]

Kjelder endre

  1. «majestetsbrot» i Nynorskordboka.
  2. Elden, John Christian (30. desember 2015). «majestetsforbrytelse». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. Australisk författare dömd till fängelse Kulturnytt, 20. januar 2009