Makrofagkolonistimulerande faktor
Kolonistimulerande faktor 1 (CSF1), også kjend som makrofagkolonistimulerande faktor (M-CSF), er eit utskild cytokin som påverkar hematopoetiske stamceller slik at dei differensierer til makrofagar eller andre relaterte celletypar. Eukaryote celler dannar også M-CSF for å nedkjempa intercellulære virusinfeksjonar. M-CSF fester seg til kolonistimulerande faktor 1-reseptor. Den deltek truleg også i utviklinga av morkaka.[1]
Struktur
endreM-CSF er eit cytokin. Den aktive forma av proteinet er å finne som eit ekstracellulært disulfid-lenkja homodimer, som truleg blir danna ved proteolytisk kløyving av membranbundne forlauparar.
Førebels har ein funne fire transkripsjonsvariantar som kodar for tre ulike isoformer av dette genet.[1]
Funksjon
endreM-CSF er ein hematopoetisk vekstfaktor som bidreg til proliferasjon, differensiering og styrking av monocyttar, makrofagar og progenitorceller i beinmergen.[2] M-CSF påverkar makrofagar og monocyttar på mange måtar, mellom anna ved å stimulere auka fagocyttisk og kjemotaktisk aktivitet, samt ved å auke cytotoksisitet i tumorceller.[3] Rolla til M-CSF er likevel ikkje avgrensa til monocyttar, makrofagar og andre avstammingar av desse cellene. Den samhandlar også med ein tilhøyrande membranreseptor (CSF1R eller M-CSF-R, som er koda for av proto-onkogenet c-fms) for å modulere proliferasjonen av tidlege hematopoetiske forlauparar. Den påverkar også fleire fysiologiske prosessar som er tilknytt immunologi, metabolisme, fertilitet og graviditet.[4]
M-CSF som blir sloppe ut av osteoblastar (som følgje av endokrin stimulering av parathyreoideahormon) utøver parakrine verknadar på osteoklastar. M-CSF fester seg til reseptorar på osteoklastane og framkallar differensiering. Dette fører til auka kalsiumnivå i blodplasma gjennom resorpsjon (nedbryting) av knokkelvev. Epitelvevet i endometriet hjå gravide kvinner er kjenneteikna ved monaleg genuttrykking av M-CSF, samt ved høge nivå av reseptoren CSF1R i placentale trofoblastar. Forsking har vist at aktiveringa av trofoblastisk CSF1R frå høge nivå av M-CSF er vesentleg for normal embryonal implantasjon og utvikling av livmora. Nyleg forsking har også vist at M-CSF og CSF1R er til stades i mjølkekjertlane ved normal utvikling og neoplastisk vekst.[5]
Klinisk relevans
endreLokalisert produksjon av M-CSF i åreveggane bidreg til utviklinga og framdrifta av aterosklerose.[6]
M-CSF spelar ei rolle i kronisk aktivering av monocyttar, som fører til fleire metabolske, hematologiske og immunologiske forstyrringar i pasientar med kronisk nyresvikt.[7]
Samhandling
endreMakrofagkolonistimulerande faktor samhandlar med PIK3R2.[8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Macrophage colony-stimulating factor» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2015.
- ↑ 1,0 1,1 «Entrez Gene: CSF1 colony stimulating factor 1 (macrophage)».
- ↑ Stanley ER, Berg KL, Einstein DB, Lee PS, Pixley FJ, Wang Y, Yeung YG (Januar 1997). «Biology and action of colony--stimulating factor-1». Mol. Reprod. Dev. 46 (1): 4–10.
- ↑ Nemunaitis J (April 1993). «Macrophage function activating cytokines: potential clinical application». Crit. Rev. Oncol. Hematol. 14 (2): 153–71.
- ↑ Fixe P, Praloran V (Juni 1997). «Macrophage colony-stimulating-factor (M-CSF or CSF-1) and its receptor: structure-function relationships». Eur. Cytokine Netw. 8 (2): 125–36.
- ↑ Sapi E (Januar 2004). «The role of CSF-1 in normal physiology of mammary gland and breast cancer: an update». Exp. Biol. Med. (Maywood) 229 (1): 1–11.
- ↑ Rajavashisth T, Qiao JH, Tripathi S, Tripathi J, Mishra N, Hua M, Wang XP, Loussararian A, Clinton S, Libby P, Lusis A (Juni 1998). «Heterozygous osteopetrotic (op) mutation reduces atherosclerosis in LDL receptor- deficient mice». J. Clin. Invest. 101 (12): 2702–10.
- ↑ Le Meur Y., Fixe P., Aldigier J-C., Leroux-Robert C. and Praloran V. (April 1996). «Macrophage colony stimulating factor involvement in uremic patients». Kidney International 50 (196): 1107–1102.
- ↑ Gout I, Dhand R, Panayotou G, Fry MJ, Hiles I, Otsu M, Waterfield MD (Desember 1992). «Expression and characterization of the p85 subunit of the phosphatidylinositol 3-kinase complex and a related p85 beta protein by using the baculovirus expression system». Biochem. J. 288 (2): 395–405.
Vidare lesnad
endre
|
|
|