Mala Kunia
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 17. november 2014
Innspelt 2014
Studio Eastgate Studios (Wien)
Sjanger
Lengd 52:11
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Phaedra Farewell Tour - The Concerts
(2014)
Mala Kunia Supernormal - The Australian Concerts 2014
(2015)


Mala Kunia er det 147. albumet totalt og det 63. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i november 2014.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
BeyondChronpositiv[1]
Stereonet5/5 stars[2]

Dette er den åttande plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.

Oversyn endre

Mala Kunia kom ut i eit avgrensa opplag i høve konsertar i Australia seint i 2014. Albumet inneheld sju nye komposisjonar, to av dei skriven av det nye bandmedlemmet Ulrich Schnauss i lag med Edgar Froese.

Med denne utgjevinga starta ein ny Tangerine Dream-æra, «The Quantum Years», som fokuserte på å gå attende til ein meir enklare komposisjonsteknikk, inspirert av kvantefysikk.[3]

Albumet er kalla opp etter to aboriginar-stammer som i følgde mytologien deira levde for lang tid sidan kring Uluru, eller Ayers Rock, der Mala-stamma budde på solsida, og Kunia på skuggesida.[4]

Dei første 100 selte eksemplar kom med eit postkort signert av dei fire bandmedlemmane.

Innhald endre

Nr.TittelMusikkLengd
1.«Shadow and Sun»Edgar Froese, Ulrich Schnauss7:54
2.«Madagaskunia»Edgar Froese6:51
3.«Madagasmala»Edgar Froese, Ulrich Schnauss7:04
4.«Beyond Uluru»Edgar Froese7:49
5.«Vision of the Blue Birds»Edgar Froese8:39
6.«Snake Men's Dance at Dawn»Edgar Froese5:51
7.«Power of the Rainbow Serpent»Thorsten Quaeschning8:03

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Smith, E. «Doc». «TANGERINE DREAM’S “MALA KUNIA”». beyondchron.org. Henta 24. juli 2020. 
  2. Martin, David. «MALA KUNIA: Stereonet». www.stereo.net.au. Henta 24. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Mala Kunia». Voices in the Net. Henta 24. juli 2020. 
  4. «MALA KUNIA Eastgate». edgarfroese.de. Henta 24. juli 2020.