Maldiskusjon:Dugnad mars 2009

Siste kommentar: for 15 år sidan av Krekling

Kva med å gjere R.E.M til ein god artikkel? Hogne 5. mars 2009 kl. 23:15 (CET)Svar

R.E.M endre

Kommentarar endre

Denne artikkelen og alle artiklane rundt han er det eg vil karakterisere som mitt største prosjekt her på Nynorsk Wikipedia. Alle studioalbum og ein god del meir til er blått, og meir vert det nok. Sjølv er eg svært nøgd, men kva tykkjer de? --EIRIK\diskusjon 14. desember 2008 kl. 00:51 (CET)Svar

Artikkelen ser solid ut etter ein rask kikk, med god blanding av biografi. Ein mangel er likevel at sitat er omsette. Omsetjing i seg sjølv er ikkje gale, men den opphavlege utsegna bør også vera med, til dømes i ei fotnote. --Ranveig 14. desember 2008 kl. 13:22 (CET)Svar
Godt førsteinntrykk, men mange sentrale raude lenkjer; Patti Smith, NME, The Velvet Underground, The Village Voice osb. --Ekko 14. desember 2008 kl. 13:43 (CET)Svar
Ranveig: Skal få fiksa dette. Ekko: Ja, eg har tenkt på det. Av og til byrjar eg å lure på om det er for mange internlenkjer i artikkelen. Men eg kan iallfall få laga dei du nemner her. --EIRIK\diskusjon 14. desember 2008 kl. 13:46 (CET)Svar
Ser bra ut, teksten flyt godt. Når boksen nederst bare har blå lenkjer stemmer eg for. Martin NH 14. desember 2008 kl. 14:20 (CET)Svar
Synest ærleg talt ikkje samleplater og musikkfilmar er særleg viktige emne. (Der var kjepphesten min igjen, ja!) --Ranveig 14. desember 2008 kl. 16:21 (CET)Svar
Kanskje, men live-album er viktige, i alle fall når dei står omtalt i innleiinga (R.E.M. Live). Martin NH 14. desember 2008 kl. 17:09 (CET)Svar
Ein ting til: Kva med å bruke sitatboksar? Det gjer teksten enklare å lesa. Martin NH 14. desember 2008 kl. 17:18 (CET)Svar
No skal alle originalsitata vere med. Når det gjeld sitatboksar er det to grunnar til at eg trur det vil fungere dårleg. Den fyrste er at det er så mange sitat, og den andre er at dei heng alt for mykje saman med artikkelteksten til at det vil ha noko føre seg å skilje dei ut i sitatboksar. Dessutan synest eg det er meir spennande å lese ein tekst som inneheld sitat frå ulike personar, og ikkje berre reine fakta. Det er trass alt tydeleg markert kven som seier kva. --EIRIK\diskusjon 14. desember 2008 kl. 17:23 (CET)Svar
Eg ser den, men i ein så lang tekst er det kanskje ein idé å ha noko av teksten i slike boksar, ikkje nødvendigvis bare sitat? I historia til London laga eg nokre slike boksar, som gjer teksten litt lettare å lese. Martin NH 17. desember 2008 kl. 18:35 (CET)Svar
Der ein har sitat eller interessante fakta som på eit vis illustrerer teksten, passer boksar bra. I denne artikkelen synest eg sitata flyt betre som del av teksten. --Ranveig 18. desember 2008 kl. 19:00 (CET)Svar
Einig med Ranveig. Det vil vere vanskeleg og lite formålstenleg (synest eg) å skilje ut tekst i boksar slik du har gjort i historia til London, Martin, sjølv om det passar og ser fint ut i den artikkelen. --EIRIK\diskusjon 18. desember 2008 kl. 19:10 (CET)Svar
Eg er ikkje einig, men det er utan tvil ein god artikkel uansett. Martin NH 18. desember 2008 kl. 19:37 (CET)Svar

Berre dei viktigaste raudlenkjene vert borte er dette ein av dei beste artiklane. Stå på! --Ekko 14. desember 2008 kl. 21:10 (CET)Svar

Ein annan viktig ting. På ein del av referansane står det at vitjingsdatoen var i 2007. Denne artikkelen blei oppretta i 2008. Då er det noko gale. Martin NH 18. desember 2008 kl. 16:45 (CET)Svar

Referansane er henta frå den engelske artikkelen. --EIRIK\diskusjon 18. desember 2008 kl. 17:09 (CET)Svar
Då bør dei vitjast/lesast på nytt. I alle fall om han skal få stempelet god. --Bep 18. desember 2008 kl. 17:26 (CET)Svar
Ok, då har eg besøkt alle lenkjene på nytt. I tillegg til å oppdatere datoane, har eg gjort ev. lenkjeoppdateringar og sjekka om faktaopplysingane fotnotane viser til finst i artiklane. --EIRIK\diskusjon 18. desember 2008 kl. 18:37 (CET)Svar

Røysting endre

R.E.M. med artiklar om album, medlemer og tilhøyrande lenkjer? Høyrest ut som ein bra ide, det. Stakkars Mike Mills treng å feitast opp.

Kan vi ta noko om geografi eller arkeologi i Egypt ved neste dugnad? Planlegginga til turistsesongen kjem snart og då kan vi prøve å gjere eit godt inntrykk. Nilen burde kunne bli ein lang og bra artikkel, men vi har og mindre prosjekt som byar i Egypt. Aswan, Luxor og andre stader har mykje historie ved seg, ein stor busetnad og noko turisme ifrå Noreg. Høg faktor av bilder på commons... --Krekling 7. mars 2009 kl. 23:24 (CET)Svar

Begge er gode forslag. Kanskje du, Krekling, kan finpussa eit Egypt-tema som me kan få på plass før neste månad byrjer, for ein gongs skuld? --Ranveig 9. mars 2009 kl. 11:59 (CET)Svar
Om du prøver å sei at Hogne og Eirik har gjort seg meir fortjent til å holde ein dugnad, so har du rett i det. :-) --Krekling 9. mars 2009 kl. 17:58 (CET)Svar
Og kva seier du her? "Å gjere seg fortent til å halda dugnad" - I dei styra eg har sote i så vart dette ofte lagt til det lataste styremedlemmet. Sjølv om prioriteringa ofte vart utført av den med den sterkaste røysta! ;-] -- Hogne 9. mars 2009 kl. 18:19 (CET)Svar
Audå. Eg meinte at eg sjølv hadde vore den lataste av oss her inne i det siste, og derfor minst fortjent til å ta noko styring. Men eg er heilt klart ein av dei mest høgrøsta. --Krekling 9. mars 2009 kl. 19:28 (CET)Svar
Eg meinte ikkje å hinta om noko som helst, anna enn at det kunne vera fint å få ein dugnad på plass før rundt den niande av ein månad, slik me har fått for vane. Eller er det slik at me treng til ein sabbat mellom kvart dugnadstak? --Ranveig 9. mars 2009 kl. 20:47 (CET)Svar
Eg har visst misforstått totalt. Eit Egypt tema er klar og under finpuss. Eg er mest redd for å skrive inn for mange raudlenkjer. --Krekling 28. mars 2009 kl. 18:07 (CET)Svar
Tilbake til siden «Dugnad mars 2009».